Utset arbeid for betre trafikkflyt

Anleggsstarten på Askvollkrysset på E39 i Førde blir utsett eitt par veker. Det skriv Firda. Vegdirektoratet vil ha eit ekstra felt i lyskrysset, slik at bilane som kjem ned Halbrendslia og køyrer mot Askvoll, ikkje hindrar trafikk som skal vidare mot Førde sentrum. Arbeidet med det problemfylte krysset er det andre prosjektet som kjem i gang i Førdepakken.

Statens Vegvesen, Askvollkrysset
Foto: Statens Vegvesen
Vegopning på Bergum i Førde kommune