Hopp til innhold

Utsendingsstoppen gir han ny livsgnist

JØLSTER (NRK): Afghanske Aziz Ullah (18) sitt håp om å få jobbe som elektrikar i Norge har vorte større etter stortinget sitt vedtak om «oktoberbarna». – Eg vil jobbe og betale skatt, seier han.

Aziz Ullah

FRYKT: Aziz Ullah fortel at han den siste tida har hatt store problem med å sove fordi han fryktar å bli send attende til Afghanistan. Etter det siste vedtaket i Stortinget har hat fått noko av livsgnisten tilbake.

Foto: Bård Siem / NRK

Aziz Ullah er tynn og bleik. Han verkar sliten der han sit på senga på asylmottaket for mindreårige på Skei i Jølster. På golvet ligg det strødd med klede og blad. I senga ved sida av ligg ein jamgammal kamerat som ikkje ønskjer å vise andletet.

Den store frykta er å bli send ut av Norge og tilbake til Afghanistan. Men stortingsvedtaket tysdag, om at det skal leggjast meir vekt på 18-åringane sitt beste, gjer at Aziz har fått noko av livsgnisten tilbake.

Selvmordsaksjon i Kabul

TERROR: Norske styresmakter vil at mange av dei afghanske 18-åringane skal sendast attende til hovudstaden Kabul. Her ser vi flammar etter ein terroraksjon i byen.

Vil bli elektrikar og betale skatt

Frå å ha trudde alt håp var ute, trur han no likevel at den store draumen kan bli oppfylt.

– Eg har heile tida drøymt om å ta utdanning og å jobbe som elektrikar. Eg ønskjer å gjere nytte for meg og betale skatt til den norske staten, seier han.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har slått fast at Aziz vart 18 år den 4. november i år. Sjølv seier at han vart 17 år den 4. november.

– Det har vore vondt at UDI har endra på alderen min, seier Aziz.

Hadde det ikkje vore for det ferske vedtaket i Stortinget, som vart gjort mot Høgre og Frp sine røyster, kunne han vorte henta av norsk politi når som helst. No har han fått eit pusterom.

– Eg ber om at dei som skal avgjere saka mi forstår at det ikkje er trygt i Afghanistan. Det er krig og terror og eg har ingen framtid der, seier han.

Aziz kjem frå provinsen Helmand, men styresmaktene ville sende han til Kabul der dei meiner det er tryggare

– Enorm påkjenning

Hallvard Avdem, mottaksleiar på Skei Asylmottak for mindreårige.

– Vedtaket i Stortinget er godt nytt for mange av dei afghanske 18-åringane. Det viser at det hjelp å jobbe opp mot politikarane. Samtidig er det usikkert korleis vedtaket vil slå ut og kor mange som faktisk får bli i landet, seier han.

Hallvard Avdem og Aziz Ullah

MÅ FLYTTE: Mottaksleiar Hallvard Avdem og Aziz Ullah ber ut kasser frå asylmottaket for mindreårige på Skei i Jølster. I morgon skal 18-åringane overførast til eit asylmottak i Sogndal.

Foto: Bård Siem / NRK

Avdem fortel at det er ei enorm påkjenning å bli sitjande å vente på at ein truleg blir send ut av landet når ein fyller 18 år. Han fortel om deprimerte og redde ungdommar, om ungdommar som har vore utagerande og om ungdomar som har skada seg sjølv.

Trur på hardt historisk dom

Han meiner den historiske domen vil bli knallhard når ein i framtida skal sjå på korleis norske styresmakter har behandla asylbarna.

– Det er ikkje noko vil hugsa som vi er stolte av, for å seie det slik. Ei allereie svak gruppe er påført enorme påkjenningar. Det er ikkje bra, seier han.

Dei såkalla «Oktoberborna» er dei afghanske asylsøkarane som kom til Norge som einslege mindreårige asylsøkjarar hausten 2015. Mange av desse fyller ifølgje norske styresmakter 18 år i løpet av hausten.

Dermed mistar dei vernet dei har hatt som mindreårige. Utlendingsstyresmaktene har avgjort at dei skal sendast attende til Afghanistan. Det er om lag 300 einslege mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphaldsløyve i Norge.

– Eg vil seie at eg er undrande til korleis Stortinget behandla ei slik kompleks sak, sa innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).