Hopp til innhold

Utrykking til Amfi Førde

Ein kjele skal ha tørrkokt i ei leilegheit over Amfi Førde.

Brannbil utanfor Amfi Førde
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Alle naudetatar har rykt ut til Amfi Førde på grunn av røykutvikling i ei leilegheit. Dei fekk meldinga klokka 1445.

– Det skal ha vore ein kjele som tørrkokte, men det skal ikkje ha vore opne flammar, seier vaktleiar Dan Inge Gjesdal i Alarmsentralen.

– Ein mann i femtiåra var i leilegheita. Han var oppegåande og medviten då politiet kom til staden, seier operasjonsleiar Wenche Hope i politiet.

Mannen får helsehjelp på staden, og leilegheita blir lufta ut. Politiet veit ikkje kva som har ført til tørrkokinga. Mannen skal i avhøyr når helsetilstanden hans er avklart.