Hopp til innhold

Terrorutrykking til Sogn og Fjordane kan ta fleire timar

Skulle ein episode som på Utøya finne stad i Sogn og Fjordane, kan dei raskaste spesialstyrkene komme frå Oslo.

Beredskapstroppen ankommer Utøya

PÅ UTØYA: Beredskapstroppen vart sett inn i aksjonen på Utøya. Spesialstyrkene frå Oslo vil vere dei næraste om noko liknande skulle skje i Sogn og Fjordane.

Foto: Marius Arnesen / NRK

– Vi måtte ha flytta på ein bråte med folk hvis vi hadde fått ein liknande situasjon i politidistriktet vårt. Vi ville ikkje ha takla det utan bistand frå andre, seier Kjetil Drange til Bergens Tidende.

Han er fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane, og fryktar for konsekvensane av ein terrorsituasjon i distriktet.

– Har generelt dårleg bemanning

Politiet skal ha brukt 58 minutt på å komme seg til Utøya, og i Sogn og Fjordane er det store geografiske avstandar med mange fjordar og fjell - noko som naturleg nok aukar utrykkingstida.

I verste fall kan ei utrykking til Sogn og Fjordane ta timar. Drange meiner politidistriktet er generelt dårleg bemanna.

– Vi har mellom 1,0 og 1,1 polititilsett per 1000 innbyggjar. Målet frå sentralt hald er to tilsette i politiet per 1000 innbyggjarar innan 2020 - og det er vi eit stykke ifrå no, seier han til BT.

Ønskjer ikkje å ta debatten no

Fungerande politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden, vedgår at ressurssituasjonen er tøff i distriktet hans.

LES OGSÅ:

Han meiner overfor avisa likevel at det blir feil å gå inn i sin slik diskusjon så kort tid etter tragedien på Utøya.