NRK Meny
Normal

– Skal eldre berre legge seg ned og døy om dei ikkje meistrar nettet?

Mange eldre kjenner seg utrygge med å bruke internett og e-post. Innan 2017 er det eit mål at all kommunikasjon med det offentlege skal vere elektronisk.

Eldre på digitalkurs i Førde

MANGE SKEPTISKE: Rundt 50 seniorar møtte fram for å lære meir om den digitale verda.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

For fleire av den eldre generasjonen i Noreg fører dette med seg store utfordringar.

– Eg synest det er heilt forferdeleg. Det er for tungvint for gamle folk. Gamle folk dett rett og slett utanfor, seier 72 år gamle Bjarne Kjærland.

Han står saman med rundt femti andre seniorar utanfor kinosalen i Førde. Dei skal på foredrag med ei rekkje offentlege etatar for å høyre meir om korleis ein kan kommunisere med det offentlege via internett.

– Ikkje godt å bli gamal

Men overgangen frå papir til elektronisk post gjer at fleire eldre kjenner seg utrygge.

– Det er rett og slett ikkje godt å bli gamal slik dette samfunnet er blitt, seier Kjærland.

Innan 2017 er det eit tydeleg mål her i landet at all kommunikasjon med det offentlege skal vere elektronisk. Fordelen er at det er effektivt og lønsamt for Staten og kommunane.

I foredraget til dei eldre i Førde er det assisterande rådmann Lise Mari Haugen som svarar på spørsmål. Ho meiner utviklinga er positiv for alle partar

– Digitaliseringa har mange mål. Det tener brukaren, og vi ser at det hjelper oss til forenkling, effektivisering, men ikkje minst ein raskare måte å kommunisere med brukarane på, det tener mange føremål.

Lise Mari Haugen

- POSITIV UTVIKLING: Assisterande rådmann Lise Mari Haugen i Førde meiner digitaliseringa er bra for alle.

Foto: Hibba Sarmadawy / NRK

Men raskt ser ein av reaksjonane frå salen at fleire eldre ikkje er samde i dette. Mellom dei er 78 år gamle Harald Steiro.

– Vi må betale fleire tusen kroner i året for å skaffe oss desse tenestene, som det offentlege sparer kanskje 50 kroner i porto og papir på.

– Ja, det er di oppleving, kommenterer Haugen.

– Mi? Er det ikkje alle si oppleving, kontrar Steiro.

– Skal dei legge seg ned og døy?


Eldre som Bjarne Kjærland lurer blant anna på korleis det er når ein skal bestille legetime.

– Skal eldre folk som ikkje greier det, berre legge seg ned og døy fordi dei ikkje greier det over nettet?

Men assisterande rådmann Lise Mari Haugen kan berolige litt. Ho seier det er friviljug.

- Vi må ta i vare at vi har eit mangfald av brukarar, og ikkje alle er fullt ut digitaliserte. Sjølv om vi er fulldigitaliserte i 2017 trur eg vi må ha løysingar for den gruppa som er her i dag, slik at dei får sin post som no dersom det er på den måten dei ynskjer å kommunisere med kommunen på.

– Dette gav meg ikkje mykje

Harald Steiro var ikkje nøgd med den informasjonen han fekk på møtet.

– Det må vel vere andre utvegar enn dette. Dette gav meg ikkje mykje. Vi treng detaljar, ikkje berre at det ligg eitt eller anna der. Vi må få vite korleis vi skal få tak i det.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet stadfestar målet om at all kommunikasjon skal vere digital innan 2017. Men dei seier ein kan reservere seg mot elektronisk post.

Friviljug eller ei, så er det i alle fall ikkje lett for dei eldre, meiner Kjærland

– Det er ikkje det at eg ikkje meistrar det, det er mange som meistrar det dårlegare enn meg. Eg ser at det er mange som dett utanfor. Du kan gjerne seie at dersom du har viljen så greier alle det. Men det er ikkje alltid teori og praksis stemmer heilt overeins.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.