Utruleg, men sant: No kan vi risikere å sjå sola

Frå stormflo, sterke vindar og kraftig nedbør til ein dag med opphaldsvêr og sol.

Springflo i Florø

VON OM BETRE TIDER: Slik var vêret i Florø 1. juledag.

Foto: Cecilie Aldeholm Haaheim

Sterke vindar og stormflo og knapt kvit jul nokon stader. Slik har dei første dagane av jula vore.

– Første juledag er det ikkje vits å gå ut døra. Då er det berre å sitte inne og nyte jula, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli.

Geir Ottar Fagerli

VÅT OG VINDFULL JUL: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli har lite godvêr å melde i jula.

Men no gir meteorologane oss likevel eit håp om betring, i alle fall for ein dag. Dei melder nemleg følgjande for det komande døgnet:

Natt til laurdag minkande til skiftande bris, laurdag kveld aukande til frisk bris utsette stader. Enkelte snøbyger i Nordfjord laurdag, ellers opphald og til dels pent vêr (!).

For dei som hadde planar om å nyte delar av jula ute i naturen, er det likevel eit lite håp.

– Både andre og tredje juledag er det lov å håpe på vinterleg vêr, seier Fagerli.

Gleda blir likevel kortvarig. Seinare i romjula blir det mest truleg mildt og regn igjen.