Utøya-overlevande møter truslar med utstrekt arm

LEIKANGER (NRK): – Eg ber dei som trugar meg, ut på kaffi, seier Torbjørn Vereide (30). Sjølv overlevde han Utøya-massakren ved å gøyme seg i strandlina.

Torbjørn Vereide

UTSTREKT ARM: Torbjørn Vereide (Ap) ber dei som kjem truslar og hatefulle meldingar ut på ein kopp kaffi. Det har ført til fleire sterke møter med folk. Rein flaks gjorde at han overlevde massakren på Utøya 22. juli 2011.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det var forferdeleg på Utøya, seier han stille, men tydleg.

Vi er på fylkeshuset på Hermansverk i Sogn og Fjordane. Ute er det sol frå skyfri himmel, mild bris og små bølger på Sognefjorden. Kontrasten til det grufulle som skjedde for snart åtte år sidan kunne knapt vore større.

AUF-aren frå Sandane var på Utøya 22. juli 2011 då Anders Behring Breivik forkledd som politimann skaut vilt om seg og drap 69 personar. Dei fleste var barn og ungdomar som deltok på sommarleiren.

Som fylkestingsmedlem har Torbjørn Vereide akkurat vore på talarstolen og kome med innspel på handlingsplanen for førebyggande arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme. Ap-politikaren fortalde mellom anna at han har teke imot fleire truslar og meldingar som «det var synd at ikkje også han vart drepen».

– Det eg har prøvd å gjere er å møte desse ansikt til ansikt for å ta ein prat, seier han.

I fjor sette Aftenposten fokus på fleire av dei overlevande frå terroren som no lever med drapstruslar og hatmeldingar.

– Må vere sterk og ha høg etisk standard

Valdsforskar ved Politihøgskulen, Ragnhild Bjørnebekk, er full av beundring over korleis Vereide taklar situasjonen.

– Vereide er beundringsverdig raus som går inn for å hjelpe dei som skadar han på denne måten. Han må vere ein ressurssterk person med høg integritet og høg etisk standard, seier ho.

Ragnhild Bjørnebekk

IMPONERT: Torbjørn Vereide må vere ein sterk person med høg integritet og etisk standard som prøvar å hjelpe dei som trugar han, seier Ragnhild Bjørnebekk, valdsforskar ved Politihøgskulen.

Foto: NRK

Bjørnebekk påpeikar at det Vereide og andre Utøya-overlevande blir utsette for er fullstendig uakseptabelt.

– Her er det personar med fastlåste tankar som ligg langt på sida av det vanlege og akseptable. Enkelte støttar overgriparane sitt tankesystem og ideologi. For andre kan det vere snakk om store personlegdomsforstyrringar, seier ho.

Dei fleste seier nei til å prate

Vereide fortel at dei fleste han har bede ut på kaffi ikkje vil treffe han.

– Om dei ikkje tørr eller ikkje har lyst, veit eg ikkje. Men eg har møtt folk som har snudd og brukt den utstrekte handa til å endre standpunktet sitt. Slike møte er sterke.

– Korleis greier du å strekke ut handa til dei som trugar deg?

– Det er noko godt i alle menneske. Eg trur at dei som trugar andre eller tyr til vald ikkje har det godt med seg sjølve. Vi får ikkje gjort noko med problemet før vi forstår kvifor folk trugar og tyr til vald, seier han.

Vereide fortel at truslane han har teke imot både har vore knytte til terroråtaket på Utøya og til Arbeidarpartiet sitt syn på innvandring.

Sterkt personleg engasjement

– Vi kan unngå at folk tyr til valdeleg ekstremisme ved å be dei med i eit fellesskap, seier Vereide. Han er tydeleg engasjert, talar med innleving og utdjupar:

– Det er viktig at vi pratar med kvarandre i staden for om kvarandre. Vi må unngå at folk endar opp som taparar som ikkje har noko å tape. Vi må unngå at terror blir eit freistande alternativ. Nettopp difor opplever eg dette arbeidet som så meiningsfullt, seier han.

  • «NRK rekrutterer for tida deltakere til prosjektet Hele Norge snakker, der folk kan bli koblet sammen med noen de er uenige med. 25. mai skal par snakke sammen på arrangementer rundt om i landet. Hvis du vil delta, kan du svare på spørsmålet under for å begynne påmeldingen.»