Hopp til innhold

Utolmodige etter E39-avgjerd

Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane håpar regjeringa får fart på seg og vil gjerne ha ei avgjerd om E39-traseen gjennom Nordfjord før påske.

Rolf Olav Tenden

UTOLMODIG: Rolf Olav Tenden er fylkesleiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane.

Foto: Thor Tenden Transport

– Det vil nok gå mange år før vi ser noko bru over Nordfjorden, vi har vel sagt at vi ikkje trur vi ser noko til det dei første ti åra. Det sjølv om det er sagt at E39 skal vere ferjefri innan 2020. Det er nok berre festtale og valspråk, seier ein utolmodig Rolf Olav Tenden.

Lastebileigaren i Stryn er også leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane. Han håpar det snart kjem ei avklaring om kor E39 i framtida skal gå gjennom Nordfjord.

Enormt engasjement

For spørsmålet om kvar europavegen skal gå i framtida har ridd regionen og fylket som ei mare i lang tid. Debatten har gått heit og splitta både bygdelag og politiske parti.

Skal E39 i framtida gå som i dag, via Gloppen og Eid i midtre, med bru der det i dag går ferje mellom Anda og Lote? Eller skal den gå som tunnel gjennom Utvikfjellet, og krysse Nordfjorden med bru mellom Frøholm og Svarstad i Stryn?

Presse og politikarar har ringt ned Samferdsledepartementet som skal ta ei avgjerd. For berre nokre veker sidan sa statssekretær John-Ragnar Aarset frå Høgre at engasjementet i saka er unik.

– Viktig med ei avklaring

Ein konkret dato eller nærare informasjon om kor tid den endelege avgjerda kjem, ville ikkje statssekretæren ut med. Den einaste han sa var «i løpet av våren».

Det er no knytt mykje spenning til om avgjerda kjem på Stamvegkonferansen i Førde 4. april. Då kjem statssekretær Bård Hoksrud til Førde for å fortelje om regjeringa si satsing på opprusting av E39.

Rolf Olav Tenden meiner det er på høg tid at avgjerda kjem.

– Vi har det siste året vore veldig på, slik at vi kan få eit val av trase. Dette vil ha mykje å seie for vidare planlegging for transportbedrifter, kor ein skal etablere seg og leggje ruter og liknande, seier han og held fram:

– Ein veg som E39 har stor betyding for fylket vårt, og dette har vore ei betent og vanskeleg sak over lang tid no, seier Tenden til NRK.no.

Ser forfallet vekse dag for dag

Med ein kvardag på vegane ser medlemmene i Norges Lastebileigarforbund kvar dag korleis forfallet på vegane berre veks og veks. Tenden håpar politikarane får fart på seg slik at ein kan starte bygging, jo før jo betre.

– Vi er på vegen heile tida og ser forfallet som er, spesielt på asfaltering og vedlikehald. Det er vanskeleg å vedlikehalde ein veg som har dårleg vegdekke, seier lastebileigaren.

Han seier forbundet stadig får innspel og klager frå sjåførar som har sett seg leie på den dårlege standarden. Tenden meiner politikarane har brukt meir enn lang nok tid no.

– Handsaming av slike saker tek for lang tid. Vi brukar alt for lang tid på planlegging, KVU'ar og alt som er, sukkar Tenden.

Styret i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og fjordane har ifølgje Tenden gått inn for at dei vil ha E39 via Stryn, altså indre linje.