Hopp til innhold

Utlikna på overtid

To minutt på overtid utlika Ulrik Flo for Sogndal. Dermed vart det 2-2 og poengdeling på Fosshaugane tysdag kveld.

Video nsps_upload_2009_4_7_22_5_26_2727.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå høgdepunkta frå kampen her!

- Eg er nøgd slik gutane står opp i andre omgang, etter å ha fått 0-2 i trynet så tidleg i kampen. Så får vi sjå på kvifor vi spelar som vi gjer i første omgang, seier trenar Karl Oskar Emberland.

- Har litt å jobbe med

Trenaren vedgår at det vart ei seriepremiere med mykje "både og". Laget gjekk ti treningskampar på rad utan tap, men var berre minuttet frå å stå att med null poeng i seriepremiera.

- Vi, som andre lag, har litt å jobbe med for å komme i gang med sesongen, seier Emberland.

- Deilig kjensle

Eit effektivt Hønefoss-lag leia 2-0 før kvarteret var godt. Aye Elvis og innbyttar Ulrik Flo sytte for poengdeling. Dommaren la til fire minutt. I det 92. minuttet stanga Flo inn utlikninga.

- Eg snudde meg for å sjå, men då låg ballen allereie i nettet. Det var ei deilig kjensle, seier Flo.

Les også: Hovland braut foten

Les kampreferatet her.

Sogndal - Hønefoss

Utlikning på overtid.

Foto: NRK
Lars Lafton
Foto: Oddleif Løset / NRK