Hopp til innhold

Utlavatn hos Calvin Klein

No kan du drikke vatn frå Årdal på motevisningane til Calvin Klein. Utla Kjeldevatn har fått ein storkontrakt på levering av vatn, skriv Sogn Avis.

Dagleg leiar i Utla Kjeldevatn, Harald Mjøs.
Foto: Hanne Stedje, porten.no

Utla Kjeldevatn har skrive under på ein kontrakt med distributøren Arctic Waters, som er registrert i Storbritannia.

Selskapet skal stå for eksport av vatnet til fleire internasjonale marknader. Dermed hamnar vatnet blant anna på bordet til dei kjende motevisningane hos Calvin Klein, ifølgje Sogn Avis.

Selskapet Utla Kjeldevatn i Årdal skal no investere fem millionar kroner i eit nytt tappeanlegg for flasker, i tillegg til eit heilautomatisk anlegg for såkalla bag-in-box-produksjon. Investeringa vil gje seks-åtte nye arbeidsplassar. Hydro har blar opp tre av millionane, medan Innovasjon Norge og selskapet sjølv stiller med ein million kroner kvar.

-Arctic har avtalar med eit amerikansk selskap som mellom anna distribuerer energidrikken Red Bull. Det vil i praksis seie at vi vil få tilgang til rundt 22.000 butikkar over heile USA, seier styreleiar Bjørn A. Petersen nettavisa porten.no. Han håpar dei nye produksjonslinjene kan vere på plass allereie i april.

Viss den store utanlandssatsinga vert vellukka, har Utla Kjeldevatn planar om å byggje ein ny fabrikk i Utladalen, som kan gje opp til 25 arbeidsplassar. Selskapet har i dag ein heiltidstilsett og to på deltid.