Hopp til innhold

Utklassa konkurrentane før NM på heimebane

Thomas Mardal tok gull og sette ny personleg rekord i sleggekast under nordisk-baltisk U23-meisterskap i helga. Neste helg er han klar for NM på heimebane.

Thomas Mardal

REKORD: Thomas Mardal kasta 72,81 meter under meisterskapet i Sverige.

Foto: Jørund Årdal

– Det var ei stor lette. Eg har to sølv og ein bronse frå tidlegare nordiske meisterskap. Eg har hatt lyst på gullet lenge og i dag var sjansen der. Då var det veldig kjekt at det klaffa så bra, seier Thomas Mardal.

Sleggekastaren frå Gloppen er i Gävle i Sverige og deltek i nordisk-baltisk U23-meisterskap. Han vann med god margin mot dei andre utøvarane, og kasta fire meter lengre enn sølvvinnaren. Mardal sette og ny personleg rekord.

– Det var kjekt å auke rekorden med nesten 60 centimeter. Særleg når det er så seint på sesongen. Eg har hatt ein lang sesong med konkurransar sidan januar. Då kan det vere vanskeleg å halde forma oppe.

Rekordkastet til Mardal var 72.81 meter langt.

NM på Byrkjelo neste

Eit slikt resultat er godt å ha med seg når han neste helg skal i elden under NM på Byrkjelo. Då er sleggekastaren frå Gloppen på heimebane.

– Målet i NM er å kaste over 70 meter. Klarar eg det er eg veldig fornøgd. Under NM er det nokre meter fram til gullet, så sølvet er målet.

Sleggekastaren får då med seg ein god heiagjeng på sidelinja.

– Heimebane er alltid stor stas. Det er veldig greitt for familie som vil sjå meg konkurrere, seier han.

I morgon skal Mardal konkurrere på nytt. Då i diskos under nordisk-baltisk U23-meisterskap.