NRK Meny
Normal

Utklassa konkurrentane dagen før VM-uttaket

Jon Rolf Skamo Hope (18) frå Hyen IL gjekk heilt til topps i den eldste juniorklasse under Norgescuprennet på Nes. I morgon vert laget til junior-VM tatt ut.

Hyaren Jon Rolf Skamo Hope

SPENT: Om mindre enn eit døgn får Jon Rolf Skamo Hope (18) beskjeden om han får plass i den norske troppen til junior-VM i USA, som går frå 30. januar til 5. februar.

Foto: Sogn og Fjordane skikrins

– Det var godt å få ut potensialet mitt. Det var ein god dag med full klaff, seier Skamo Hope til NRK etter sigeren.

Løpet på Nes gjekk i klassisk stil over 13 kilometer og var det siste løpet før uttaket til junior-VM i morgon. Med andreplass på 20 kilometer med skibyte i uttaksrennet før jul, skal det mykje til om ikkje 18-åringen får plass i VM-troppen.

Fredag vart han nummer 6 på 10 kilometer klassisk i Norgescupen. Laurdag enda han på 10. plass på sprinten.

Ventar på klarsignal

Trass i at han ikkje har fylt 19 år enno og har endå ein sesong att som junior, er han optimistisk med tanke på at namnet hans står på lista over dei som får reise til USA.

– Eg vann jo dette rennet her og vart nummer to i duatlon før jul, så eg har lagt inn ein god søknad, seier 18-åringen.

Junior-VM i Park City går på 1800-meters høgde frå 30. januar til 5. februar, og om Skamo Hope får klarsignal reiser han bortover alt på fredag.

– Før VM skal dei ha pre-camp, for at kroppen skal bli vand med høgda, seier Skamo Hope.

– Korleis ser du på å konkurrere på 1800 meters høgde?

– Eg er ein lett løpar så eg trur ikkje det er ei ulempe for meg, svarar han.

Og om han får klarsignalet er det 10 kilometer klassisk, samt 20 kilometer med skibyte han har sett seg ut som øvingar.

– Om eg går eit løp som i dag, så trur eg det hadde nådd langt opp på resultatlista i eit junior-VM, seier han.

Jon Rolf Skamo Hope på rulleski i Hyen

BARMARK: Jon Rolf Skamo Hope prikka inn forma i sommar, på rulleski heime i Hyen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Inspirert av Klæbo

Årets junior-VM vil i så fall bli hans andre. I fjor var han med til rumenske Rasnov, der han vart nummer 18 på 10-kilometer klassisk. Ein distanse som vart vunne av Johannes Høsflot Klæbo (20), som har tatt seniorklassa med storm denne sesongen, blant anna med siger på sprinten i sesongopninga.

– Det er motiverande å sjå kva han har fått til. Eg slo han jo blant anna på eit Norgescuprenn i fjor, og det viser at forskjellen frå junior til senior ikkje er avskrekkande, seier 18-åringen frå Hyen.

Før denne sesongen vart han tatt opp på juniorlandslaget.

klæbo

KOMET: 20-åringen Johannes Høsflot Klæbo har tatt langrennsverda med storm i sin første sesong som senior. I fjor vart han slått i eitt renn av Skamo Hope – i år vart han berre slått av Martin Johnsrud Sundby under minitouren på Lillehammer og er høgaktuell for sprinten i VM i Lahti.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix