NRK Meny
Normal

Utkantbutikkar får betalt for ekstra sørvis til lokalsamfunnet

ROGNALDSVÅG (NRK): Ny støtteordning kan gje utkantbutikkar betalt for å yte sørvistenester til lokalsamfunna. For kjøpmann Hans-Jacob Sunde på den vesle øya Reksta er ei slik støtte viktig.

Hans-Jacob Sunde

KJØPMANN: Hans-Jacob Sunde driv lokalbutikk på øya Reksta.

Foto: Anders Mildestveit / NRK

Øya Reksta utanfor Florø har knappe 100 innbyggarar. På slike plassar er butikken mykje meir enn berre ein butikk.

Den er bank, kaiteneste, offentleg informasjon, bibliotek og bygda sin møteplass.

– Den store utfordringa er å halda på eit så godt tilbod som mogleg, seier Hans-Jacob Sunde, som også tilbyr kaffi og noko å bite i til kundane sine.

Ikkje fordi det er grunnlag for det, men for at folk skal trivast.

Utkantbutikkar får støtte for å overleva

TV: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen.

Kan få betalt

Ei ny statleg støtteordning gjer at dei aller minste lokalbutikkane kan få 100 000 kroner i støtte for tenester dei yter for lokalsamfunnet.

– Vi ser at mange av dei små butikkane slit for å overleve fordi kundegrunnlaget er for lite. Men samstundes er desse butikkane viktig for lokalsamfunna. Både for dei som bur der, for lokalt næringsliv og for hyttegjester og turistar.

– Poenget med ordninga er å betale for den sørvisen som butikkane gjev lokalsamfunnet, seier seniorrådgjevar Per Kjetil Jørgensen i Merkur-programmet.

Så langt har 28 butikkar over heile landet fått denne støtta. Ofte er desse butikkane siste skanse av møteplassar i lokalsamfunnet.

Viktig med butikk

Kundane hjå kjøpmann Sunde er i alle fall ikkje i tvil.

– Utan butikken blir det tungvint, det er heilt sikkert, seier Odd Arne Solheim.

– Det er butikken som er samlingsplassen etter at skulen vart nedlagt. Butikken er hjartet på øya, seier Ingebjørg Reksten.

Kjøpmann Hans-Jacob Sunde er glad for at slike ordningar finst.

– For faren er at butikktilbodet vil ryke om vi ikkje har slike ordningar. Det er ein del arbeid med å yte ulike tilbod, og på eit eller anna tidspunkt må du hente økonomi, seier Sunde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.