Hopp til innhold

Utkant drøymer om 100.000

Utkantfestival byr på Marit Larsen, Ingenting, Bjørn Eidsvåg og Raga Rockers. Og så håpar arrangørane at den sjette strake festivalen kan toppast med tittelen «Fylkets beste kulturidé» og 100.000 kroner.

Viggo Randal

KNIVAR: Viggo Randal og Utkantfestivalen er mellom finalistane som knivar om 100.000 kroner som «Fylkets beste kulturidé».

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Festivalen som såg dagens lys samstundes som den uønskte Kongestatuen vart avduka i 2007, er nemleg i finaleheatet i kampen om både pengane og tittelen.

– Festivaløkonomi er ikkje det sterkaste i verda, så 100.000 kroner ville vore eit kjærkoment tilskot, seier festivalsjef Viggo Randal.

Jamt i toppen

I alt 35 søkjarar leverte inn sine planer då NRK Sogn og Fjordane saman med Sparebankstiftinga starta jakta på fylkets beste kulturidé . I skrivande stund skil det 160 røyster mellom dei to mest populære kandidatane. I alt er det gjeve til saman 6.400 røyster i kåringa.

Det er 200 fleire enn publikummarar som i fjor tok turen til festivalen i Skjerjehamn i Gulen.

– Vi starta med brask og bram og konge i 2007, og heile Norge følgde jo med på statuen. Då vi starta på nytt i 2008 var det ikkje gitt at alle ville komme tilbake, men vi har faktisk hatt 50 prosent publikumsauke kvart år sidan då, fortel festivalsjefen.

Plassert på kartet

Spesielt kunstnaren Knut Steen si statute av kong Olav V har gjort Skjerjehamn kjend. Statuen vart laga til Oslo kommune, men dei ville ikkje ha den. I 2007 vart den kjøpt av fiskeoppdrettar Ola Braanaas og plassert på Skjerjehamn .

To år tidlegare hadde fiskeoppdrettaren også kjøpt den gamle handelsstaden Skjerjehamn og bygde den om for kring 20 millionar kroner.

– Å ringe eit artistbyrå og seie at du kjem frå Gulen, seier folk ingenting. Men seier du at du kjem frå staden der kongestatuen ingen ville ha vart plassert så er du plassert på kartet, ler Randal og legg til at mange på Austlandet ikkje heilt skjønar korleis festivalen i vesle Gulen maktar å by på store artistnamn år etter år.

Korleis utvikle seg?

Juryen, med Pål Fidjestøl, Laila Beate Førde og Steinar Fredheim, gir festivalen skryt, men saknar litt planane om korleis arrangørstaben tenkjer å tene pengar.

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

STRÅLANDE: Laila Beate Førde, Pål Fidjestøl og Steinar Fredheim er dei som har vurdert og plukka ut finalistane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er ei gøyal historie om statuen ingen ville ha, som vart sett på eit nes der ingen såg den. Dei har alltid kongen med seg, som står og vinkar ned og dei bruker arenaen til å fortelje om andre kulturelle ytringsformer. Det tykkjer vi er strålande, seier Fidjestøl og legg til:

– Men eg har lyst til å vite meir om næringsperspektivet og framtidige utviklingsmoglegheiter.

Er store nok

Juryen stiller spørsmål ved om internasjonale artistar kan trekkje fleire publikummarar. Kanskje endåtil publikummarar frå utlandet.

Randal meiner arrangementet har nådd ein passeleg storleik publikumsmessig.

– Det er faktisk ganske avgrensa kor mange vi har plass til. Vi er meir opptekne av å skape ein betre festival for eit slikt publikumsnivå som vi ligg på, seier han.

Gamle heltar

Årets festival blir arrangert torsdag 26. juli til laurdag 28. juli. På sitt tredje forsøk fekk arrangørane endeleg til ei festivalopning med Bjørn Eidsvåg. Vidare kan arrangørane mellom anna by på Staut, Marit Larsen og gamle heltar i Raga Rockers og siddisrockarane Ingenting.

– Men kva med utanlandske artistar?

– Jo, dersom den rette dukkar opp, heilt klart. Men vi ynskjer å lage ein festival som favnar vidt om alle, og lar alle få litt artistar dei vil ha men også litt som dei hatar, seier Randal.