Hopp til innhold

Utforska skogen på lommelykt-tur

Barnas Turlag opplever stor pågang over heile Sogn og Fjordane. Fredag kveld tok 50 born og vaksne med seg lommelykt og kveldsmat ut i skogen.

Barnas turlag arrangerer lommelykttur for dei minste. Skogen kan vere skummel og rar med så lite lys.

SJÅ VIDEOREPORTASJE: 25 born i følge med vaksne utforska Mostien i mørket. Foto/redigering: Alv Vidar Snæland

– Det å bruke hovudlykt å vere ute i mørket er eit godt døme på ein Barnas turlagsaktivitet, seier leiar Marino Ask i Sogn og Fjordane Turlag.

Alle typar turar

Dei siste ti åra har Sogn og Fjordane Turlag oppretta 25 Barnas Turlag-grupper rundt om i fylket. Fredag kveld var NRK.no med Barnas Turlag i Førde på tur til Mostien ved Sunnfjord Museum i Movika. 25 born og 25 vaksne nytta den siste oktoberkvelden i friluft utstyrt med refleksvekst og lommelykt.

– Vi gjekk innover Mostien, lytta til lydane i skogen og hadde med niste og kosa oss, oppsummerer turleiar Atle Hjelle Paulen.

  • Sjå videoreportasje frå turen øvst i artikkelen!

Turen i Førde er eit godt døme på det som er blitt ei folkerørsle innan turlaget, men aktivitetane er mange og ulike, seier styreleiar Marino Ask.

– Vi har mange tradisjonelle fotturar. Vi ser også at det å drive med våt-aktivitet som padling med kano og kajakk, eller å vere ute og ro med tradisjonsbåt, slik Ytre Sogn turlag gjer.

Ung medlemsmasse

Marino Ask

SATSAR UNGT: Marino Ask og Sogn og Fjordane Turlag har bygt opp 25 Barnas Turlag rundt om i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

Turlagsleiaren meiner framveksten av Barnas Turlag skal ha mykje av æra for at Sogn og Fjordane Turlag no tel over 6000 medlemmer.

– Det at vi kan tilby aktivitetar frå barn heilt frå dei kan spasere, ser vi på som svært viktig. Friluftsliv må ein lære på same måte som barn og unge må lære å spele fotball, gå på ski, eller springe orientering eller symje. Det at ungane får tidleg erfaring med friluftsliv, betyr mykje, seier Ask.

Barnas turlag har som mål å fange opp born frå dei aller minste opp til 12-årsalderen. Deretter går ein over i det turlaget definerer som Ung-aktivitet for ungdom opp til 18 år.

– Vi har medvite satsa på å bygge ut Barnas turlag dei siste 10 åra. Det ser vi no resultatet av. 30 prosent av medlemmene i Sogn og Fjordane Turlag er i dag under 26 år. Vi trur at dette er viktig for å sikre ei god helse til innbyggjarane i fylket.