Hopp til innhold

Utforkøyring mellom Innvik og Olden

Ein person sat i bilen som køyrde utfor vegen. Føraren skal vere uskadd.

bilulukke

Ein bil har køyrt av vegen mellom Innvik og Olden, opplyser politiet.

– Det var ein person i bilen, og vedkommande klagde på smerter i nakken, men seier seg uskadd, seier Espen Gulliksen ved Operasjonssentralen til Politiet.

Ulukka skjedde ved Frøholm mellom Olden og Innvik.

Førebels har politiet ikkje konkludert med kva som skjer med førarkortet til vedkommande.