Utforkøyring

Ein bil har køyrt utfor vegen på riksveg 52 ved Holesvingane i Lærdal. Politiet melder at berre ein bil er involvert, og at ein førar har vore åleine i bilen. Personen er medviten, men har smertar. Luftambulansen er på veg, og vegen vert stengd i samband med det. Det har blitt kø på delar av strekninga etter ulukka.

Kø etter ulukke på riksveg 52.