Hopp til innhold

Utfordrar Nordfjord på skulekutt

I Sogn og Sunnfjord har dei samla seg om å ofre skular i sine regionar. No går utfordringa til Nordfjord, men der nektar ordførarane leggje ned skular.

Måløy VGS, Firda VGS, Stryn VGS og Eid VGS

BLIR DEI OFRA? Fylkespolitikarane vil gjerne ha signal frå nordfjordingane om korleis dei ser for seg det vidaregåande skuletilbodet i regionen i åra framover.

Foto: Montasje: Stølen, Starheim, Nybø / NRK

På ein eller annan måte må det kuttast i det vidaregåande skuletilbodet i Sogn og Fjordane. Fram mot 2024 må ein spare mellom 72 og 97 millionar kroner, og dette vil svi.

I indre Sogn har ordførarane samle seg om kutt ved Luster vidaregåande, medan det i Sunnfjord er semje om å gjere kutt ved Mo og Jølster vidaregåande si avdeling på Vassenden. Men kva vil Nordfjord gjere? Oppmodinga frå fylkespolitikarane er klar.

– Eg synest det er viktig at det i Nordfjord blir teke ein samla gjennomgang av kva slags tilbod ein ønskjer ha i framtida, seier Noralv Distad i Høgre.

13 skular i dag, men ikkje i framtida?

Skuledebatten har rasa i fylket sidan i haust. I samband med at elevtalet går kraftig ned dei komande åra, og fylkeskommunen får mindre pengar til vidaregåande skular, må dei gjere grep. I dag finst det 13 vidaregåande skular, men om det blir like mange i framtida er slett ikkje sikkert.

Åtte forskjellige modellar for ny skulebruksplan er no ute til høyring, fire av desse er utarbeidde av konsulentselskapet Norconsult. Med unntak av Norconsult sin modell 0, legg dei andre sju modellane opp til at ein skal ha åtte, ti eller seks skular i Sogn og Fjordane.

Skulane som er truga er Luster, Høyanger og Mo- og Jølster, i tillegg til Dale og Stryn, og til slutt Årdal og Måløy. Alle lokalsamfunna varsla tidleg at dei ville kjempe for sine respektive skular.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I januar i år gjekk innbyggarar og politikarar i fakkeltog mot nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden i Jølster. 
Men no har ordføraren snudd og vil flytta faga til Førde. Og han får støtte av lærarane ved skulen.

SJÅ TV-SAKA: Ordførarane godtek nedlegging av den vidaregåande skulen på Vassenden.

Vil ofre Vassenden og Luster

Men når høyringsfristen no nærmar seg, har ordførarar i både Sogn og Sunnfjord samla seg om å ofre noko i sin region.

Sist veke vart det klart at ordførarane i Jølster, Gaular, Førde, Naustdal og Florø godtek nedlegging av skulen på Vassenden. Dei aksepterer at linjene her blir flytta samla til ein annan skule, i praksis til Førde.

Og nokre dagar etter følgde Indre Sogn etter. I ein felles kamp for å behalde det vidaregåande skuletilbodet i regionen er ein der samde om å ofre Luster vidaregåande.

Ventar på signal frå Nordfjord

Frank Willy Djuvik (Frp)

VIL HA SIGNAL: Frank Willy Djuvik frå FrP håpar politikarane også i Nordfjord kan kome med signal om kor det kan kuttast.

Foto: Oddleif Løset/NRK
Norvall Nøringset

SPNET: Norval Nøringset er fylkestingspolitikar for SV.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

No vil fylkespolitikarane ha liknande signal frå Nordfjord.

– Eg vil i aller høgste grad oppmode dei til å gjere denne øvinga, og prøve å få det til, seier Frank Willy Djuvik som er gruppeleiar i Framstegspartiet.

– Eg skulle gjerne sett at Nordfjord kunne gå i gang med ein prosess der dei prøver gjere noko av det same, stemmer Norvall Nøringset frå SV i.

Vil gjere det lettare for fylkestinget

Nøringset er spent på om dette let seg gjere, og seier innspela frå regionane blir viktig i det vidare arbeidet. I juni er det fylkestinget som endeleg skal avgjere saka.

– Eg synest det er sympatisk av både sogningane og sunnfjordingane at dei prøver gjere det enklare for fylkestinget å gjere eit godt vedtak i juni.

– Det er heilt klart lettare få til ein god prosess og eit godt vedtak om ein har gjort slike grep i alle regionar, seier SV-politikaren til NRK.no.

Trur nordfjordingane får det vanskeleg

Noralv Distad

GJENNOMGANG: Noralv Distad håpar det blir semje om kutt også i Nordfjord.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men det kan blir vanskeleg for nordfjordingane å bli samde trur Frank Willy Djuvik i Frp.

– Det er veldig positivt at både Sogn og Sunnfjord har samla seg om felles innspel, og eg meiner Nordfjord må gjere det same.

– Eg forstår at det er større utfordringar for Nordfjord å samle seg, enn det har vore for dei to andre regionane, seier Djuvik.

Han grunngjev dette med at det i dag finst fire nesten likeverdige skular i regionen, Måløy, Eid, Stryn og Firda vidaregåande på Sandane.

– Då blir det mykje vanskelegare å finne saman der nokon skal måtte leggje ned skulen sin eller fjerne det meste av tilboda dei har, seier Frp-politikaren.

Nektar leggje ned skular

Morten Hagen

IKKJE NEDLEGGING: Seier Morten Hagen, Høgre-ordførar i Måløy.

Foto: Thomas Hagen
Sven Flo, ordførar i Stryn

GODE LØYSINGAR: Men det betyr ikkje nedlegging av ein skule, meiner Sven Flo (H) som er ordførar i Stryn.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I dag er det møte i Nordfjordrådet, og framtida til dei vidaregåande skulane blir tema. Men ingen Nordfjord-skular skal kuttast, seier ordførar Morten Hagen i Vågsøy.

– Det kan kome ei felles fråsegn, men eg trur ikkje den vil innehalde at vi er samde om å leggje ned ein skule. Det trur eg ikkje, seier Høgre-ordføraren.

– Så det skal ikkje kuttast i Nordfjord?

– Jo, da. Det er ikkje sagt at ein ikkje skal ta kutt i Nordfjord. Det er klart vi må sjå på kva fag vi kanskje kan flytte frå ein skule til ein annan. Slik får vi redusert talet klassar.

– Skulane må tole reduksjonar, men ikkje ved å leggje ned skular, seier Hagen.

– Gode fellesløysingar

I andre enden av Nordfjorden er Sven Flo (H) i Stryn samd. Heller ikkje han vil ofre ein av dei fire vidaregåande skulane i regionen.

– Vi vil nok sjå på litt ulike løysingar sett Nordfjord under eitt.

– Vil dokke greie ofre ein skule?

– Eg synest i utgangspunktet at det blir feil vinkling når ein snakkar om å ofre ein skule.

– Det vi er opptekne av er å prøve finne gode fellesløysingar for dei vidaregåande skulane i Nordfjord, seier Flo.

Vil vege tungt

Uansett kva løysing Nordfjord kjem fram til, må dei kome med innsparingar. For Vassenden og Luster sine kutt er ikkje nok åleine, seier Djuvik.

– Vi må nok til med større grep skal vi greie den totale innsparinga, og ikkje minst for at vi skal få konstruert eit best mogleg tilbod for elevane i fylket, seier han.

Han seier signala frå regionane vil vege tungt.

– Vi kjem til å strekkje oss langt for å følgje det som regionane greier samle seg om. Då er vi også avhengige av at alle regionane klar det, seier han.