Hopp til innhold

Utfordrar næringslivet

Fylkesaksjonsleiar Kristin Sandal ynskjer seg meir aktive bedrifter i TV-aksjonen til inntekt for Blå Kors.

Kristin Sandal
Foto: Birger Meland / NRK

- Folk i Sogn og Fjordane er dei mest gåvmilde i alle innsamlingsaksjonar på TV, men næringslivet bør kome meir på bana, seier ho.

Kan vinne Jo Nesbø

Kristin Sandal lokkar bedriftene i Sogn og Fjordane med eit lotteri. Ved å kjøpe lodd til 1000 kroner stykket kan dei vinne ein av 22 kjende personar. I så fall kjem ein av dei 22 på besøk til verksemda. Mellom personane som har stilt opp på dette er Fredrik Skavlan, Dan Børge Akerø og Jo Nesbø.

Ikkje Blå Kors-aktivitet her

Sjølv om Blå Kors ikkje har noko aktivitet i Sogn og Fjordane håpar Kristin Sandal at folk i Sogn og Fjordane opnar lommebøkene som før når bøsseberarane kjem rundt 19. oktober.

- Dei fleste her i fylket kjenner folk som slit med rus eller er pårørande til slike, så eg trur ikkje dette skal dempe gjevargleda.

Les meir om TV-aksjonen 2008 her.