Hopp til innhold

Stiller til val som leiar - vil gjenreise tillit og truverde i Fellesforbundet

Kjell Ove Slotterøy frå Førde har sagt ja til å stille som leiarkandidat i Fellesforbundet avdeling 19 i fylket.

Kjell Ove Slotterøy

STILLER TIL VAL: Kjell Ove Slotterøy vil gjenreise tilliten i Fellesforbundet avdeling 19.

Foto: Bård Siem / NRK

Sterke krefter ønskjer å kvitte seg med sitjande leiar Magne Ulvatn som er svært omstridd etter ein dom i tingretten der det går fram at han har trakassert ein tilsett. Slotterøy ønskjer å gjenreise tilliten til avdeling 19.

– Eg sa ja, for slik det er i dag, kan det ikkje vere. Vi må prøve å få demokratiet til å fungere i avdelinga. Det gjer det ikkje i dag.

– Felle sak for truverde

Fellesforbundet avdeling 19 i fylket har vore i ein nærast samanhengande unntakstilstand dei siste par åra i samband med ein opprivande personstrid mellom den valde leiaren Magne Ulvatn og organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.

63 år gamle Slotterøy som i dag er rørleggjar ved Dale Rør og sit i representantskapet i avdeling 19, seier det er på tide å få avdelinga til å fungere igjen.

– Det blir ei felles sak for å få truverde til Fellesforbundet avdeling 19, seier han.

Vanskeleg å få ein kandidat

I ein tingrettsdom frå i fjor går det mellom anna fram at Ulvatn har stått bak omfattande trakassering av Kirketeig. Det er lenge vore eit sterkt ønskje om å skifte ut Ulvatn, men det har vore vanskeleg å få nokon til å ta over som leiar i den konfliktråka organisasjonen.

No har imidlertid Slotterøy sagt ja til å stille som kandidat på årsmøtet som skal haldast i Sogndal den 16. mars.

– Vi måtte ha ein kandidat som kunne vere motkandidat til den sitjande. Valet fall på meg, seier Slotterøy.

Har tru på Slotterøy

Magne Ulvatn ønskjer på si side ikkje å kommentere saka. Det var på eit møte tysdag kveld, der representantar frå klubbane ved mellom andre Brødrene Aa, Helle Fabrikker og Dale Rør deltok, det vart semje om å gå for Slotterøy. Klubbleiar ved Dale Rør, Jan Erlend Haugen, har stor tru Slotterøy som ny leiar.

– Han er ein person med lang erfaring som tillitsvald. Eg har tru på at han er den rette mannen, seier Haugen.