Utfordrar iTunes og Spotify

Fem gründerar frå Gulen har teke opp kampen med dei største aktørane på musikkmarknaden.

Ralph Myerz og Simen Wilberg

Beat.no gjekk inn samarbeid med Ralph Myerz (t.v.), som igjen allierte seg med Snoop Dogg og George Clinton, om ei signaturlåt for den nye nettbutikken. Til høgre står Simen Wilberg.

Foto: Beat.no

Det er skaparane bak SMS-søketenesta AskADAM som no lanserar sin eigen musikkbutikk på internett. Frå Gulen i Sogn og Fjordane håpar dei å ta mp3-kjøparar frå gigantane iTunes og Spotify.

- Vi meiner det er ein kjempefordel å halde til i eit lite miljø. Vi konsentrerer oss utelukkande om digital distribusjon, vi har ingen fysiske butikkar og kan dermed kutte alle kostnadar heilt ned til beinet, fortel ein av gründerane, Simen Wilberg

Må selje med tap

Njål og Linn Wilberg fekk i fjor prisen som årets gründerar i Sogn og Fjordane . I år vanka også NHO sin Nyskapingspris for duoen bak AskADAM.

For å få musikken til innkjøpspris må ein betale medlemsprisen på 20 kroner i veka. Ikkje-medlem må betale veileiande pris.

- Med innkjøpspris meinar vi det vi betalar til artistar, plateselskap samt TONO-avgift. Vi skulle eigentleg også lagt til moms, men for å halde prisen nede og gje medlemene dei lågaste prisane, tek vi momsen på eiga kappe, seier Wilberg og legg til at verksemda reknar med å selje med tap til momsreglane blir endra for digitalmusikk.

Fem medlemer i timen

Butikken vart lansert klokka 11. Fire timar seinare hadde dei 20 medlemer.

- Det er vi veldig nøgde med. Medlemene tikka jamt og trutt inn etter lanseringa, seier Wilberg.

Verksemda er framleis ikkje heilt ferdige med å fylle opp musikkkatalogen.

- Vi har gått inn avtale med alle dei største plateselskapa og mange uavhengige mindre plateselskap. Vi reknar med å presentere full katalog innan utgongen av neste veke, seier Wilberg. Som førebels er einaste tilsett i verksemda.

Fleire arbeidsplassar?

På sikt vonar Wilberg at mp3-butikken skal generere mange nye arbeidsplassar i Mjømna. Med på laget er også Jan Fredrik Karlsen som skal fronte marknadsføringa av butikken. Dei har også fått Ralph Myerz til å lage signaturlåt saman med Snoop Dogg og George Clinton.

- Vi håpar ein gong å få Snoop hit til Mjømna for å framføre låta for oss på den lokale festivalen som vi har her, seier Wilberg.