Hopp til innhold

Utfordrande køyreforhold i Nordfjord og ytre Sogn

Snø og særs varierande føreforhold gjer at fleire bilistar åtvarar om utfordrande køyreforhold fleire stader i Sogn og Fjordane onsdag morgon.

Snøen har lava ned i store delar av Sogn og Fjordane onsdag.

SNØ: Onsdag har snøen lava ned i store delar av Sogn og Fjordane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

– Det snør tett, og det er ganske dårlege køyreforhold. Det er tung våt snø på null grader, så det er i grunn berre å sette ned farten og ta det med ro, seier Torgeir Flataker.

Han køyrer trailer, og er køyrer riksveg 15, og er på veg frå Måløy til Oldedalen. Tette snøbyer gjer det vanskeleg å ferdast på vegane i morgontimane.

Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

ALT MANNSKAP UTE: Meldingane har tikka inn frå Nordfjord og ytre Sogn til Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal onsdag morgon.

Foto: Jan Christian Jerving

– I Nordfjord og ytre Sogn er det utfordringar med å kome seg fram for augneblinken. Alt mannskap er ute, men vi klarer ikkje å halde standarden no, seier Roger Nedberge Hille ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

I resten av fylket skal det ikkje vere større problem på vegane, også fjellovergangane er opne, unnateke over Vikafjellet som har vore stengt i fleire dagar grunna oppryddingsarbeid etter ras. Vegtrafikksentralen melder at dei håpar å ha kontroll på situasjonen i løpet av nokre timar.

Tett snødrev også på vegen frå Rutledal

TETT: Også i Gulen kjem snøen tett.

Foto: NRK-tipsar

Mest nedbør i Nordfjord

Heile onsdag morgon og fram mot føremiddagen er det venta at snøbyene held fram, før nedbøren minkar.

– Sludd- og snøbyene har stort sett passert Sunnmøre, og er på veg sør over. Dei held seg mest i Nordfjord og ytre strøk. I Nordfjord blir det også byer seinare onsdag, medan det blir meir opphaldsvêr i resten av fylket, seier statsmeteorolog Anders Sivle.

Anders Sivle

MEIR SNØ: Meteorolog Anders Sivle seier det er Nordfjord og ytre strøk som får mest nedbør onsdag. – Eg trur folk må vere budde på meir snø i alle fall, seier han om dagane framover.

Foto: Marit Hommedal

Ifølgje vêrmeldingane må folk også bu seg på meir snø dei komande dagane. Og at det onsdag kjem store tunge snøflak ned merkar trailersjåføren godt.

– Du blir liggande og flyte oppå. Møtte plogen i stad, men det snør igjen bak han, seier Flataker.

– Ta det med ro!

Også i Sunnfjord blir det meldt om vanskelege køyreforhold.

– Det er kanskje 5 centimeter slaps på bakken, så bilen er vanskeleg å styre, og sikta er kanskje ei vegstikke fram, fortel Janne Steinhovden.

Ho køyrer på vegen mellom Eikefjord og Florø. Og sjølv om det er ei strekning ho kjenner godt som pendlar, så har ho onsdag morgon brukt mykje leng tid enn vanleg.

– Folk må berekne god nok tid til å kunne køyre i 40–50 km/t, seier ho.