NRK Meny
Normal

Då ingen utfordra dei til å hoppe på fjorden, valde dei ein litt uvanleg vri...

Badenymfene i Florø badar i fjorden kvar søndag heile året - likevel har omtrent ingen av dei fått utfordring om å hoppe på fjorden på Facebook. Difor tok dei badebuksa i eiga hand...

Created by InfoDispatcher

HOPPAR I DET: Badenymfene i Florø er ikkje skvetne. Det håpar dei 17. mai-komiteen heller ikkje er... Foto/redigering: Truls Kleiven

– Eg har sett på alle som vert utfordra, utan at nokon har utfordra oss, som badar heile året. Eg tenkte med meg at skal vi gå rundt tørre på tærne medan alle andre badar, lurer Heidi Sårheim, ei av 20-30 medlemmer i Badenymfene.

Og utfordringa ho snakkar om er farsotten som går på Facebook, der det for tida florerer med menneske som hoppar i sjøen, og utfordrar vener (som kanskje vurderer å bli uvener...) til å gjere det same, eller betale seg frå det anten med vin, sjokolade, bidrag til frivillige organisasjonar og mykje anna.

Til vanleg badar nymfene i fjorden i Florø kvar søndag, sommar som vinter, i snø og i kuling. Men i dag gjorde dei eit unnatak.

– Vi tenkte at det var rettast om vi utfordra ei anna gruppe, og ikkje nokon einskildperson, seier Sårheim.

Bystyret slapp unna - såvidt

Viss dei ti medlemmene i 17.mai-komiteen no har fått kalde føter (iallfall kjem dei til å få det viss dei tek utfordringa), så kan iallfall dei 35 medlemmene i Flora bystyre førebels puste letta ut.

– Vi vurderte bystyret, men så landa vi på 17. mai-komiteen. Det er jo tida for det, seier Sårheim, som leverer denne utfordringa:

– Vi utfordrar dei til å bade, donere ein skjerv til Kreftforeininga, samt sikre Badenymfene ei fin plassering i borgertoget, seier Sårheim.

Lovar hastemøte i komiteen

Når NRK ringjer leiar i 17. mai-komiteen, Roald Leivestad, er han snar med svaret:

– Plassering kan eg love dei med ein einaste gong. Men resten må eg komme tilbake til. Det må det nok haldast lange møte på, seier Leivestad og humrar.

Men han lovar at det vil bli kalla inn til hastemøte i komiteen fredag der saka vil bli drøfta etter alle kunstens reglar.

– Dette må vurderast nøye, seier Leivestad.

17. mai-generalen fryktar konsekvensane av eit eventuelt kjøleg bad.

– Eg er uroa, det må eg seie. Viss komiteen seier ja, kan det setje komiteen helsemessig tilbake i den viktigaste veka i året. Sett frå eit HMS-perspektiv er ikkje dette heilt bra, seier Leivestad.

Men han lovar at saka skal opp til vurdering.

– Vi skal komme med eit svar i morgon, så får vi sjå, seier Leivestad, som ikkje er meir skvetten enn at han kjem med ei utfordring tilbake til Badenymfene.

Tek gjerne i mot nye medlemmer

– I årets borgartog er det mogleg å vinne ein pengepris for det beste innslaget. Her kan det vere tusenlappar for Badenymfene å hente til Kreftforeininga eller anna føremål, seier Leivestad.

Sårheim skriv under på at bading året rundt er sunt, og understrekar at dersom medlemmene i 17. mai-komiteen skulle finne ut at dei trivst godt i det våte element, så er det plass til nye medlemmer blant nymfene.

– Det er berre å ta kontakt. Vi likar godt å bade på spesielle dagar, både nyttårsaftan, 17. mai, pinse, julaftan og eg veit ikkje kva, seier Sårheim.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.