Hopp til innhold

Utestader i Måløy braut avtala

Avtala med kommunen og Tall Ships' Races var at dei skulle stengje ved midnatt. Det gjorde dei ikkje.

Øl

Utestader braut avtala om opningstider

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.no

Prosjektleiar Helge Hjelle i Tall Ships' Races meiner utestadene burde halde seg til avtala.

Ga blaffen

- Vi hadde eit ønskje om at det skulle vere stilt i Måløy klokka 24. Nokre har fulgt avtala, andre har gitt blaffen og falle for freistinga å selje og halde ope enno lenger enn vi var samde om på førehand, seier Hjelle.

Hjelle forstår at utestadene ønskjer å tene mest mogleg medan arrangementet står på, men synest likvel det er synd at nokre bryt ei avtale.

LES OG: Vi drikk som aldri før

- Bør halde ei avtale

- Ja, det gjer eg, men eg har óg sans for at ein skal halde ei avtale. Ein må jo tenkje på at medan utestadene har hatt det glissent resten av året, fylte dei i helga opp klokka 11 om føremiddagen og heldt det gåande i tolv timar. Den siste timen trur eg ikkje spelte så stor rolle for dei uansett.