Hopp til innhold

Utelukkar ikkje giftig røyk frå smelteverket

Brannen som vart meldt hjå smelteverksbedrifta Elkem i Svelgen er no sløkt. – Når ein får brann inne på anlegget så risikerer ein at det kan vere veldig giftig røyk som kjem, seier Roy Humlestøl ved Alarmsentralen.

Brann ved smelteverket i Svelgen

SJÅ VIDEO: Naudetatane rykte ut etter at det byrja å brenne ved Elkem i Bremanger. (FOTO: NRK.no-tipsar)

Brannvesenet driv no nedkjøling i bygget, og evakuering av bebuarar ved smelteverket er avblåst.

Ingen personar skal ha vorte skadde i brannen. Brannvesenet bad først om evakuering av personar som oppheld seg i nærleiken, men politiet melder no at det ikkje lenger er behov for å evakuere bebuarar i området.

Brann ved Elkem Svelgen

FLAMMAR: Truleg er brannen i ferd med å bli sløkt, seier eit vitne til NRK.

Foto: NRK-tipsar

– Alle skal ha vore evakuert ut av Elkem-bygget, men det er eit stort anlegg, så vi må ta eit lite atterhald på det. Ingen skal vere skadde i alle fall, seier Roy Humlestøl ved Alarmsentralen.

Han veit ikkje kor stort omfang brannen har hatt, men fortel at det var i 4. etasje det brann.

– Brannvesenet er no inne for å drive nedkjøling, seier Humlestøl.

Eit vitne fortalde tidlegare til NRK at det truleg ikkje var snakk om stor dramatikk.

– Det er flammar, men det ser ut til at ikkje er så alvorleg. Svartrøyken og flammane er i ferd med å dabbe av no. Flammane var i eit hjørne av bygget, så det verkar ikkje så stort, fortel han.

Humlestøl ved Alarmsentralen seier det blir nytta mange ulike kjemikalie i produksjonen i smelteverket. Han ser ikkje bort frå at røyken kan ha vore giftig.

– Det har vi ikkje oversikt over. Vi antek at det er giftig røyk. Generelt er brannrøyk giftig, men vi har ikkje oversikt over kva denne røyken inneheld så vi alle førehandsreglar for å unngå at folk skal få den i seg, seier han.

Brann ved Elkem Svelgen

RØYK: Røyken frå Elkem Svelgen er godt synleg.

Foto: NRK-tipsar
Svelgen