Ute med skade i opp mot seks veker

Sogndal må klare seg utan Henrik Furebotn i store delar av sommaren. 25-åringen har ein delvis avriven muskel i låret.

Henrik Furebotn måtte hjelpast av bana mot Vålerenga.

MÅTTE HA HJELP: Henrik Furebotn hinka av bana etter ein duell tidleg i kampen mot Vålerenga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er sjølvsagt surt å få dette no, då eg hadde sett ekstra fram til kampane mot Brann. Men dette er diverre ein del av fotballspelet, seier Furebotn til Sogn Avis.

Furebotn fekk skaden under kampen mot Vålerenga. Fredag var han til MR, og der fekk han beskjed om at han har ein delvis avriven muskel i låret.

No er han sett ut av spel i minst seks veker.

LES OGSÅ:

Sogndal møter Brann i Bergen på fredag. Det er dessutan klart at klubben må klare seg utan midtbaneterrieren i alle kampane fram til sommarferien.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.