Hopp til innhold

Utdrikkingsstuntet går verda rundt

Øivin Vabø (35) treng ikkje bli overraska om han blir kjent att på gata under bryllaupsreisa til Tenerife. I løpet av torsdagen har videoen frå utdrikkingslaget hans gått verda rundt.

NRK.no fortalde i morgontimane torsdag om videoen der vågsøyværingen står på ein liten palle framfor eit plaskebaseng, og trur han er i ferd med å hoppe i strikk frå ei bru.

Sidan har videoen og historia fått fyldig dekning i norske nettaviser, men også utanlandsk media har meldt si interesse. Videoen er vist over 100.000 gonger på eitt døgn.

works every time.

StacksOvaflow

– Det er heilt vilt. Berre heilt vilt. Vi har sete i bil i heile dag, men eg har fått oppdatering frå frua. Det er heilt uverkeleg at dette kan bli ein farsott. Fantastisk kjekt, men mykje merksemd på ein gong, gliser Øivin Vabø.

Brått og vått

For å gjere historia kort; Vabø har høgdeskrekk, men då han skulle drikkast ut var det på akkurat det forlovar Endre Rutledal ville utfordre kompisen sin på.

Endre Rutledal og Øivin Vabø

SPRELL: Forlovar Endre Rutledal (t.v.) og Øivin Vabø visste lite om kva merksemd videoen frå utdrikkingslaget skulle få.

Foto: Kristin A. Oldeide

Utdrikkingslaget farta rundt i to timar med buss. Den vertande brudgomen med bind for augo. Det som skjedde så er både historie – og god trim for magemusklane.

Kameratane spør «are you a man», adrenalinet pumpar og Vabø mannar seg opp til det han trur er eit strikkhopp frå ei bru. Sekundet seinare ligg han strak i plaskebassenget ved familiehytta til brudgommen.

Watching him precariously climb over that sawhorse like it was the edge of the earth just made my day...

Kris Kringle

– Eg venta jo eit svev, men då eg møtte vatnet så vart alt ei stor glede. Eg fekk av meg bindet og då kjende eg meg att. Der stod gjengen med kameratar og heldt på å le seg i hel, ler Vabø.

– Skal ta igjen

Den nygifte vågsøyværingen hevdar hardnakka at det ikkje var verken sure miner eller vonde kjensler etter stuntet. Letta over å ikkje utføre stuntet var for stor til det.

– Men no er ikkje forlovaren min gift enda, så vi må pønske ut noko til han, gliser Vabø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Utdrikkingslag vart verdskjende

LATTER: Øivin Vabø og utdrikkarane fekk seg ein god latter av påfunnet til forlovar Endre Rutledal.

Foto: Kjetil Holvik

– Eg venta at den ville komme, ja. Eg kan vel seie så pass at det no blir tekne med ein del nye faktorar i vurderingane når og om den tid kjem, humrar forlovar Rutledal og presiserer at det førebels ikkje ligg noko bryllaup i løypa for hans del.

– Men eg trur nok ikkje dei får så god video frå mitt utdrikkingslag, legg Rutledal til.

Vart imponert

Men forlovaren lét seg imponere av kompisen sin. For medan Vabø stolte hundre prosent på at all tryggleik var i orden, med tanke på at det skulle vere eit strikkhopp, så er Rutledal i tvil om han hadde gjennomført det same.

Norwegians are crazy vikings!

NallePu83

– Det sa eg til Øivin etter at han hadde gjort det. Det er sjølvsagt vanskeleg å seie, men eg tvilar sterkt på at eg hadde gjort det om det var eg som stod der, ler forlovar Rutledal som også er overraska over dekninga videoen har fått.

Først då Dagbladet ringde, skjønte han at det «kunne ta av litt».

Maaange visningar

For hadde det nygifte paret fått ei krone for kvar gong videoen har blitt vist sidan den vart publisert i går ettermiddag, så hadde dei fått ein svært lukrativ start på ekteskapet.

gode venner å ha! :)

nyanzzcat

Det som starta med vel 300 visningar på Youtube onsdag kveld, var torsdag morgon blitt til vel 6.000. Etter at NRK.no fortalde om saka, steig besøkstala til 16.000.

Når klokka har passert 16 torsdag ettermiddag, er den blitt vist 22.185 gonger på Youtube. Så langt er det 125 kommentarar på både norsk og engelsk. For ikkje å snakke om tal delingar på sosiale medium.

– I tillegg har nær 30.000 sett den på VGTV, 35.000 på NRK, og så har Dagbladet både sak og video ute, oppsummerer Eirik Rutledal, som posta videoen på Youtube.

P.S. Klokka 17.40 var visningstalet 53.551 på Youtube.