Sogndal trafostasjon er under bygging på Hagafjellet. Delar av stasjonen er sett i drift, resten er planlagt ferdigstilt i løpet av året. Kostnadane vil ende på 700-800 millionar kroner, inkludert vegar.
NYTT HELSE OG OMSORGSSENTER: Sogndal Helse og omsorgssenter er under bygging og skal stå klar i 2016. Kostar 300 millionar.
NY BRU: Den nye Loftesnesbrui blir 194 meter lang og kostar om lag 240 millionar. Planlagt byggjestart i 2016.
STUDENTBUSTADER: 150 studentbustader i Nedrehagen er under bygging og skal stå klare i 2016. Kostar 127 millionar.
FJORDSTI: Andre byggetrinn av fjordstien er i gong og skal stå ferdig i 2016. Kostar 33,5 millionar, men skjønnet etter grunnerverv er ikkje avgjort og kan gjere fjordstien dyrare. Fjordstien kan òg bli utvida dersom sogndalspakken blir realisert.
NYTT PÅBYGG: På Campus kjem det eit nytt påbygg til Sogndal vidaregåande skule, som vil samle alle linjene under eitt tak. Påbygget skal erstatte skulen allmennfag brukar i dag og vil stå klar i 2017. Kostnaden er på 60 millionar, inkludert rehabilitering av Sogndal idrettshall.
HODLEKVE: Storstilt utbygging av skisenteret i Hodlekve med planar om 500 hytter, heisar og gondolbane. Investeringane er sagt å kunne kome opp i to milliardar, men det er langt fram i tid. Førebels er over seksti tomter selde, rundt tjue hytter er bygde, i tillegg er det kome på plass to nye skiheisar.
MILJØLOK: Politikarane skal i november ta stilling til om dei vil jobbe vidare med bompengefinansiering av Sogndalspakken til om lag 600 millionar. Seksti prosent skal finansierast gjennom bompengar. Førebels inneheld pakken miljølok gjennom sentrum, ny bru over Sogndalselvi, vidareføring av fjordstien, nye gang- og sykkelvegar og to nye vegar.
NYE LEILEGHEITER: 54 nye leilegheiter er planlagde på Ulvahaugen. Kostnad 170 millionar, første byggjetrinn startar truleg på nyåret.
BRÅTANE BUSTADFELT: Eit nytt byggjefelt er klart på Kaupanger, med planar om 25 einebustader og 60 bustader fordelt på leilegheiter, terrassehus og kjeda einebustader. Kostar om lag 30 millionar, med planlagt byggjestart til sommaren.
NY FABRIKK: Jatak skal reise to nye bygg i tilknyting til den eksisterande fabrikken på Kaupanger. Verksemda vil ikkje ut med kor mykje det vil koste, men kallar utvidinga det største løftet i Jatak si historie. Det første fabrikkbygget er starta og skal vere innflyttingsklart til sommaren, det andre skal stå klart hausten 2017.
BUSTADER: Veidekke har planar om å byggje to høgblokker med opp til 184 leilegheiter på Lerumkaia.
SAMLAR PRODUKSJONEN: Lerum ønskjer å flytte all produksjonen til fabrikken på Kaupanger, eit løft som i seg sjølv vil koste rundt 100 millionar. Ein føresetnad er å få realisert bustadprosjektet på Lerumkaia. Endeleg avgjerd er ikkje teken enno.
LEILEGHEITER I MEIERI: Ni nye leilegheiter er under oppføring i den gamle produksjonshallen i Meieriet. Skal vere ferdige i desember.
NYE LEILEGHEITER I SENTRUM: Det er planar om 30 leilegheiter og eit garasjeanlegg i Sognatun. Vil koste 70–100 millionar til saman. Dei åtte første leilegheitene skal stå klare i 2016, medan fullføring av prosjektet kan ligge nokre år fram i tid.
BUSTADER: Eit tjuetals bustader er lagt ut for sal i Nedrehagen, rett ovanfor Høgskulen og Fosshaugane Campus.
UTVIDAR HOTELL: Quality Hotell vil auke kapasiteten frå 115 til 200 gjesterom, samt utvide med fleire konferansesalar og parkeringsplassar. Vil koste mellom 80–100 millionar.
NYE LEILEGHEITER: Det er planlagt å byggje 22 leilegheiter i tilknyting til Kaupangsenteret.
NYTT BYGGJEFELT: Eit nytt byggjefelt på Kjørnes er i ferd med å reise seg på nedsida av riksvegen. Til saman er det planar for om lag 80 bustader.
NY BRU: Statens vegvesen ønskjer at ei bru over Sognefjorden skal erstatte ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Første sjanse til å kome med i Nasjonal transportplan er perioden 2018–2029 og i slutten av februar skal fagetatane sende inn sine forslag til kva prosjekt som får støtte.
NY BARNEHAGE: Ein ny barnehage i sentrum til 50 millionar ligg inne i investeringsbudsjettet for dei neste fire åra, men formannskapet skal gå gjennom økonomiplanen denne veka og vurdere om investeringa må utsetjast for å få balanse i budsjetta. Her eit bilete av Rones.