I verste fall kan planane bli lagt på is i heile tre år. No forhandlar hovudaksjonær i Kjøsnesfjorden Kraftverk, Sunnfjord Energi, med Veidekke for å få eit langt billegare tilbod.
- Utfordringar
Jølster kommune har jobba hardt dei siste åra for å få til ei utbygging i Kjøsnesfjorden, og ordføraren i Jølster, Gerd Dvergsdal, set ikkje pris på meldinga om at prosjektet er utsett.
- Det er beklageleg at ein er komme i denne situasjonen. Eg vel å tru at vi kan klare å løyse dette, men eg ser at her er det utfordringar, seier Dvergsdal.