Kvar vår er det store problem med telehiv på strekninga frå Lødøen til fylkesgrensa mot Møre og Romsdal.
Jon Ivar Gausemel som bur rett ved riksveg 60 meiner det er på høg tid å utbetra vegen.
- Fleire plassar er vegen lagt rett oppå eit jordunderlag. Så det er veldig store problem med telehiv, seier Gausemel.
Jon Ivar Gausemel har køyrt vegen til og frå jobb sidan tidleg på 80-talet.
Nyttar steinmasse
Dina Lefdal er senioringeniør i Statens vegvesen og set prioriteringa av indre Hornindal i samband med oppstart av Kvivsvegen.
- Der vert det mykje steinmasse til overs som vi kan bruke på riksveg 60 gjennom Hornindal. Så vi ser at det vil vere effektivt for begge prosjekt å bruke steinmassen, seier Dina Lefdal.
Olden-Innvik må vente
Skal riksveg 60 gjennom indre Hornindal utbetrast, så må vegstrekninga mellom Olden og Innvik venta til perioden 2010 - 2015 for midlar. - Vi likar ikkje at koma med små løyvingar til store prosjekt heilt på tampen av ein periode. Då foreslår vi heller å vente med det til 2010-2015, seier Lefdal.
Tre store prosjekt
I perioden 2006 - 2009 er det dei store prosjekta riksveg 55 Stedjeberget i Sogn, rassikring av Måløy - Raudeberg og oppstart av Bremangersambandet som tek brorparten av midlane.