NRK Meny

Utbetrar for 170 millionar

Høyangertunnelen vil bli rusta opp for 170 millionar kroner. Det vedtok eit fleirtal i fylkestinget i ettermiddag. Eit mindretal med Høgre, Venstre og KrF ville bruke 220 millionar kroner. Det ville sikra DAB- og naudnettdekning i tunnelen. Denne dyraste løysinga var også tilrådd av Statens vegvesen. Men fleirtalet tok seg ikkje råd til det i den pressa økonomiske situasjonen fylkeskommunen er i for tida.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.