NRK Meny
Normal

Studiet vart langt dyrare enn venta

Julia Vigdal er ein av mange utanlandsstudentar som som har tapt store pengar på den låge kronekursen. Ho må spørje om pengar heime for å kunne fortsette utdanninga.

Utanlandsstudie

DYRT STUDIEOPPHALD: Opphaldet i England var langt dyrare enn kva Julia Schønning Vigdal hadde trudd.

Foto: Deanna Roe / Privat

– Eg tapte ti tusen kroner då eg betalte skuleavgifta. Eg mistar også mykje pengar når eg betalar husleige. Elles er det levekostnadane: alt vart plutseleg mykje dyrare, fortel ei fortvila Julia Schønning Vigdal frå Luster.

Stipend og lån frå Lånekassa strekkjer ikkje lenger til når utanlandsstudentane skal betale for mat, studieavgift, husleige og mykje anna. Den svekka krona gir gode kår for norsk eksportindustri, men for Julia og dei andre studentane i utlandet er det ekstra dyrt å leve.

Vigdal studerer psykologi ved University of Lincoln i England. Det er eit langt og kostbart studium.

– Hadde eg ikkje hatt ein familie og ein kjærast som kunne hjelpe meg, så veit eg ikkje om eg hadde klart det, seier Vigdal.

Svak krone

Mange av oss er vande med at det britiske pundet ligg på mellom ni og ti kroner. I desember kosta eitt pund nesten tolv kroner. Difor blir krona Julia har med seg ut av landet verd mindre.

Ifølge Noregs Bank låg pundet på 8.87 kroner i januar 2013. I dag, to år seinare, ligg det på 11.55 kroner.

Den låge oljeprisen er ein av grunnane til at krona er svak, og det har ført til både gode og byrder for det norske folk.

– Når eg såg at krona vart svakare og svakare gjekk eg rett i minibanken og tok ut kontantar, tok dei med hit og la dei på rommet. Eg prøvar å bruke kortet så lite som mogeleg, fortel Vigdal.

Lånekassa må gje meir til studentane

Liv Simonsen

BETRE NESTE SKULEÅR: Liv Simonsen fortel at situasjonen med den svake krona ikkje skal gå utover elevane neste skuleår.

Foto: Lene Danielsen / Lånekassen

Statens Lånekasse deler ut stipend og lån til studentane. Det er lånet som gjer at studentane slit når krona blir svak.

– Studentar i utlandet får både stipend og lån til dekking av skulepengar. Stipenddelen blir valutajustert, men ikkje lånedelen, seier fagdirektør i lånekasse, Liv Simonsen.

Frå neste skuleår gjer staten endringar i støtta, og vil då valutajustere heile stipendet og lånet. Det betyr at dei som studerer i utlandet må halde ut i eit semester til, før dei får støtta dei treng.

– Det var ei gledesnyheit å få vite at dei vil justere utbetalingane til neste år, seier Vigdal.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.