Mo seier til nettstaden Porten.no at inntrykket så langt er at utanlandske vogntog ikkje er tilpassa norske tilhøve, sjølv om dei etter kvart både har kjettingar og gode dekk.
På kryss og tvers
Det går ikkje ein vinter utan at vi høyrer skrekkhistorier om dårleg skodde utanlandske vogntog som står på kryss og tvers på norske fjellovergangar.
Ein semitrailer frå Estland på norske vegar. Arkivfoto NRK
Lærdal litt tilfeldig
Jon Morten Mo jobbar til dagleg med opplæring av yrkessjåførar og anleggsmaskinførarar på Solør Vidaregåande skule i Hedmark. Saman med ein kollega er han no i gang med ein mastergradstudie i regi av Høgskulen i Akershus. Målet er å ende opp med eit undervisningsopplegg som skal betre kunnskapene hjå utanlandske yrkessjåførar om norske vintervegar. At dei valde å reise til Lærdal for å gjere registreringsarbeidet er litt tilfeldig, fortel Mo.
Polakkar først
I første omgang har dei to fått utarbeidd eit spørjeskjema på polsk for å høyre kva erfaringar dei polske sjåførane har med norske vinterforhold. Så langt har dei inntrykk av tilstanden på dei utanlandske vogntoga no er bra, seier Mo. Seinare er det planar om å snakke med sjåførar frå andre land.
Vil lage undervisningsopplegg
Dei to er no i startfasen med registreringsarbeidet, men reknar med at dei i 2008 kan presentere eit undervisningsopplegg som kan gjere utanlandske yrkessjåførar betre skikka til å takle norske vinterforhold.