Hopp til innhold

Utanlandsk vogntog stogga for ulovleg køyring

Statens vegvesen stogga i natt eit utanlandsk vogntog i Lærdal for ulovleg køyring. Politiet har gitt føraren eit førelegg på 20 000 kroner.

Håbakken kontrollstasjon i Lærdal
Foto: Rune Fossum / NRK

– I dette tilfelle hadde sjåføren heller ikkje med last inn i landet, seier seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Utanlandske vogntog har etter regelverket lov til å ta på seg inn til tre transportoppdrag i Norge i løpet av ein sjudagarsperiode når dei elles har oppdrag i Norge. Men Statens vegvesen avdekkjer ofte at vogntog tar på seg lang fleire oppdrag.

– Vi avdekkjer forholdsvis ofte at vogntog har både seks og sju oppdrag i løpet den veka dei har lov å køyre i landet. Ofte har dei også køyrt ut over sjudagarsfristen.

Dyrt for selskapa

Brot på reglane blir slått hardt ned på når det blir avdekka, og for selskapa kan det bli ganske kostbart.

Tormod Gausdal på Håbakken kontrollstasjon

AVDEKKJER ULOVLEG KØYRING: Seksjonsleiar Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vanlegvis ligg førelegga på mellom 20 000 og 40 000 kroner. Vi har og sett at politiet har gitt føretaksstraff til to selskap på høvesvis 400 000 kroner og 500 000 kroner.

For vogntoget som vart stogga natt til tysdag har politiet utferdiga i eit førelegg på 20 000 kroner.

– I tillegg må det skaffast alternativ transport for lasta og vogntoget må køyre tomt ut av landet.

Utan bombrikker

Ved årsskifte trådde det og nye reglar i kraft som seier at alle køyrtøy over 3,5 tonn som blir brukt til nyttetransport også skal ha bombrikke. Det mangla fem norske og eit utanlandsk vogntog som blei kontrollerte på Håbakken i natt.

– Litt overraskande at så mange norske ikkje har fått med seg dei nye reglane. Det kostar trass alt 8000 første gong du blir stogga utan, neste gong har gebyret auka til 16 000 kroner.