Hopp til innhold

Utanlandsk dykkar omkom i Solund

Ein person omkom i ei dykkarulykke utanfor Sula i Solund kommune i føremiddag.

Dykkarulukke i området ved Seglsteinen i Solund kommune

ULUKKE: Ifølgje politiet har ulukka skjedd i området ved Seglsteinen i Solund kommune.

Politiet fekk melding kl. 11.56.

– Då fekk vi fekk melding om ein dykkar utan medvit som var frakta til land, seier Bjarte Rebnord, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt.

Luftambulanse, ambulanse og politi vart sendt mot staden. Det var og gjort forsøk på gjenoppliving på staden.

– Vedkomande vart etter kvart erklært død på staden, seier Rebnord.

Varslar pårørande

Den omkomne dykkaren var ein del av eit følge på mellom 15 og 20 utanlandske dykkarar som dykka i eit område rundt eit skjær som vert kalla Seglsteinen. Via Kripos er politiet no i gang med å varsle dei pårørande i heimlandet til den omkomne dykkaren.

– Før vi får tilbakemelding på at dei pårørande er varsla, ynskjer vi ikkje å gå ut med fleire detaljar om identiteten til den avdøde, seier Rebnord.

Undersøker dykkarutstyr

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulukka ut over at det har skjedd i samband med fritidsdykking og ikkje arbeid.

– Akkurat no er lokalt politi på staden i gang med å undersøke dykkarutstyr for å sjå om det kan fortelje oss noko meir om det som har skjedd, seier Rebnord.

Politiet har og starta samtalar med dei andre som var med i dykkargruppa.

– Dei andre deltakarane som var med i gruppa vert tekne hand om av det kommunale kriseteamet, seier Rebnord.