Hopp til innhold

Flaumen tok vassverket og telefonsambandet

Innbyggjarane i Fresvik er utan telefonsamband og flaumen øydela vassverket. No blir det jobba på spreng med å løyse problema.

Fresvik vassvark er totalskadd etter flaumen

ØYDELAGD VASSVERK: Det privateigde vassverket i Fresvik fekk store skadar under flaumen.

Foto: Rune Åmot

Den vesle bygda lengst aust i Vik kommune blei hardt råka av dei store nedbørsmengdene tidlegare i veka. Særleg gjekk dette ut over det privateigde vassverket som blei knust av vassmassane.

– Status i Fresvik er at det no er på plass ei provisorisk løysing. Det betyr at alle abonnentar til Fresvik vassverk skal no ha vatn i springen. Men det er ordna via eit privat vatningsanlegg, så det er kokepåbod fram til tysdag. Då får vi resultat av vassprøvane, opplyser rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune.

Skulen og barnehagen blir forsynt frå eit anna vassverk. Bygdaheimen får vatn frå ei tankvogn, slik at dei har reint vatn.

– Det er også høve for andre i Fresvik å hente seg reint vatn frå denne tankvogna som er plassert ved bygdeheimen, opplyser rådmannen.

Bygda opplever også teletrøbbel, og det er brot på linjene for mobil- og fasttelefon. Noko som fører til store utfordringar for innbyggjarane.

– Vi har vore i kontakt med Telenor og det syner seg at det er brot på ein sjøkabel. Det er folk på plass i båt for å undersøke, men det er usikkert når ein har på plass telefonsamband igjen. Det er delvis dekning i deler av Fresvik, men det er veldig mangelfullt.

Rådmannen fortel at det er mobildekning ved fabrikkbygningane til Fresvik Produkt. I tillegg har kommunen ein satellittelefon som er plassert hos Ingvar Vangsnes i Fresvik.