NRK Meny
Normal

Utan styreleiar og dagleg leiar

Styreleiaren har trekt seg, og dagleg leiar har vore sjukemeld i lengre tid. I dag var det duka for ekstraordinært årsmøte i Jostedalsbreen nasjonalparksenter for å sikre drifta i sommar.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter

STOD UTAN LEIING: Turistattraksjonen Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tre månader før turistsesongen igjen startar, har senteret i Oppstryn i realiteten stått utan fast leiing.

Må ha ny leiing på plass

– Vi har behov for å få på plass ein ny styreleiar, då det har skjedd endringar i styret etter det ordinære årsmøtet, seier fungerande styreleiar Synnøve Stalheim.

Ho legg til at forutan val av ny styreleiar, blir arbeid med drifta framfor årets sesong ei viktig sak på møtet onsdag.

– Fleire har uttrykt uro framfor årets sesong på grunn av situasjonen rundt dagleg leiar. Kva kan du seie om det?

– Dagleg leiar er sjukmeld. Vi jobbar med å få på plass nye personar for å sikre drifta. No på vinteren er det ei roleg tid. Booking og slike ting går sin gang. Vi har to tilsette i tillegg til dagleg leiar, men vi er avhengig av å få på plass nytt personale.

Valde ny styreleiar

Stalheim er glad for at i alle fall to nye styremedlemmer er på plass.

Arne Bjørlykke

NY STYRELEIAR: Arne Bjørlykke vart onsdag føremiddag vald til ny styreleiar ved Jordalsbreen nasjonalparksenter. 72-åringen har tidlegare mellom anna vore direktør ved Naturhistorisk museum i Oslo.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Dei erstattar to dyktige styremedlemmer. Arne Bjørlykke, som er professor i geologi, er innstilt som ny styreleiar. Han har brei erfaring frå museumsdrift og har vore direktør for eit museum i Oslo i fleire år. Vi har også fått med oss Roar Berge. Han er ein heimflytt advokat, og sikrar oss også den lokale tilknytinga, seier den fungerande styreleiaren.

Like før klokka 10.30 onsdag føremiddag vart dei to valde inn styret, og Arne Bjørlykke er dermed den nye styreleiaren ved senteret.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter i er saman med Norsk Bremuseum i Fjærland og Norsk breheimsenter i Jostedal eitt av tre kunnskaps- og opplevingssenter rundt det som er Norges største fastlandsisbre. Senteret i Oppstryn vart opna i 1993.

Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn

ATTRAKSJON: Nasjonalparksenteret i Oppstryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser