NRK Meny
Normal

Nesten alle har fått straumen igjen

160 husstandar var utan straum i fleire av grendene vest for Vik, etter eit steinras mellom Hustavnes og Otterskred. No er det berre nokre få som er utan straum

Laster kart, vennligst vent...

Raset har gått på den veglause sida av Arnafjorden i Vik.

– No har vi fått på plass eit aggregat som gjer at alle utanom to-tre husstandar har fått straumen att, seier Arild Orvedal overordna vakt i Sognekraft til NRK like før klokka 22.00 måndag kveld.

Om lag 160 abonnentar i området som har vore utan straum store delar av ettermiddagen og kvelden. For dei få som ikkje har fått straumen tilbake til no kjem den ikkje att før tidlegast i morgon.

– Vi oppmodar dei som har fått straumen att om å berre bruka det dei treng. Om aggregatet går mister alle straumen, så vi kryssar fingrane for at det heldt, seier Orvedal.

Det har ikkje vore mogeleg å ta seg inn i rasområdet måndag, men i morgon føremiddag kjem ein geolog for å vurdera faren for nye ras.