NRK Meny
Normal

Han er redd for fylgjene for landbruket med ei regjering utan statsrådar frå Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane blir etter alt å døme utan statsrådar i regjeringa til Erna Solberg. Mange i fylket er redde for at det kan føre til tilbakesteg.

Slik det ser ut, blir Sogn og Fjordane utan statsråder i den blåe regjeringa. Etter den raudgrøne perioden, med TO statsråder, vekker dette ei viss bekymring.

Ingen statsrådar frå Sogn og Fjordane

Onsdag presenterer Erna Solberg si første regjering, og mange av statsrådnamna er alt kjende.

Sogn og Fjordane har hatt to statsrådar i den raudgrøne regjeringsperioden.

Men slik det ser ut no er det ingen frå Sogn og Fjordane denne gongen på lista over dei som skal sitje ved kongens bord.

Arve Mjømen

HÅPAR FRAMLEIS: Fylkesleiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Hadde forventa ein statsråd

Fylkesleiar Arve Mjømen i Sogn og Fjordane Høgre håpar framleis.

– No er ikkje heile kabalen ferdig enno, men det blir mørkare for kvar statsråd som blir fast i fisken og utnemnd. Vi håpar framleis det skal vere mogeleg, men vi hadde forventa på at vi fekk ein statsråd, iallfall i Landbruksdepartementet.

– Men kva seier du om det ikkje skjer?

Då vil eg seie at vi har lov til å vere vonbrotne. Men vi får gjere ein ny jobb med tanke på statssekretærar og rådgjevarar.

– Folkerike område på Austlandet og i Rogaland har fått veldig god utteljing blant statsrådane. Fortel dette noko om kor distriktsvenleg den nye regjeringa er?

– Nei, det trur eg ikkje. Sogn og Fjordane gjorde eit godt val, men det gjorde sanneleg Rogaland og Hordaland også.

Jan Arve Midtbø

UROA OVER KONSEKVENSANE: Bonde og Venstre-politikar Jan Arve Midtbø i Flora.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Har ikkje greie på norsk landbruk

Bonde og Venstre-politikar Jan Arve Midtbø i Flora er uroa for kva konsekvensar det får dersom Sogn og Fjordane blir utan statsrådar, han tenker særleg på landbrukspolitikken.

– Det er utruleg synd at vi ikkje får inn folk som sekretærar eller eitt eller anna frå vårt fylke. Men då måtte vi ha fått inn flinke folk som kan noko om landbruk, og det er jo det dei slit med, Høgre-folka og Frp-folka i Sogn og Fjordane. Dei har ikkje greie på norsk landbruk.

Difor meiner han det er beklageleg at ikkje Venstre og Kristeleg Folkeparti kunne vere med i regjeringa.

– Desse to partia har flinke folk som kan landbruk opp og i mente, men det har ikkje dei to regjeringspartia.

No trøystar han seg med at det trass alt er Stortinget som avgjer landbrukspolitikken, han meiner ein eventuellestatsråd frå Framstegspartiet ikkje vil kunne påverke i særleg stor grad kva vilkår norske bønder skal få.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.