Utan spor i forfølgingssak
Politiet er framleis interesserte i tips etter at ei 13 år gamal jente sist veke vart følgd etter av ein mann på Leikanger. Politiet har vore i området og snakka med naboar, og etterforska saka vidare, seier Rita Skjeldstad ved Sogndal lensmannskontor. Det har ikkje vore fleire liknande hendingar, og det har heller ikkje kome inn tips i saka, seier Skjeldestad.