Av Synnøve Aasland og Kjell Arvid Stølen
Arkivfoto NRK
I den ferske rapporten om rutestrukturen i fylket er nemleg ein av hovudkonklusjonane at fylkespolitikarane må velje anten buss eller båt mellom Sogn og Bergen.
Stor reduksjon i turiststraumen
Direktør i Fjord Norge AS, Terje Devold, seier eit eventuelt tap av snøggbåten vil føre til ein stor reduksjon i tal besøkande til Sogn.
Må velje båt eller buss
Fylkestinget har bede om ein gjennomgang av heile samferdsla i fylket for å spare pengar. Og fredag vart rapporten om rutenettet i fylket offentleggjort. Den konkluderte mellom anna med at skal ein redusere kostnadene, så må fylkespolitikarane velje anten buss eller båt mellom Sogn og Bergen.
Stort økonomisk tap
I dag er snøggbåten mellom Bergen og Sogn ei av dei viktigaste rutene for å frakte turistar inn Sognefjorden, ikkje minst fordi det er ein av dei få dagsturmoglegheitene mellom Bergen og Sogn. I sommarmånadane vert det også sett inn ein ekstra båt på ruta. Skulle desse tilboda forsvinne kan det økonomiske tapet bli stort, meiner Devold.
Vil ikkje betale
Også styreleiar i Visit Sognefjord, Arne Glenn Flåten, seier snøggbåtruta er uvurderleg for turistnæringa i Sogn. Men han meiner ikkje det er riktig at dei skal vere med å finanisere oppretthaldinga av rutetilbodet når fylkeskommune no skal kutte i samferdslekostandane.