– Vi saknar han og mentaliteten hans både på og utanfor bana, , seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.
For status på dei tre siste treningskampane før seriestarten er: 0–4 tap for Lillestrøm og 0–5 mot Strømsgodset. I tillegg tapte eit ungt og reserveprega Sogndal 1–2 heime mot Hødd.
I morgon er det siste test mot Brann i Bergen, før alvoret startar neste søndag borte mot Sarpsborg 08. I fjor vart Sogndal nummer 11 i eliteserien, men berre fire lag hadde færre baklengsmål enn Sogndal sine 37.
- Les også:
Har trua
For Sogndal er det Christophe Psyché og Bjørn Inge Utvik som seglar opp som dei naturlege alternativa i midtforsvaret.
Men begge har slite med skadar i sesongoppkøyringa og spelt lite saman. Psyché har vore ute i fleire veker og var først tilbake under treningsleiren i Spania i starten av mars. Då vart Utvik sett ut av spel med ei ny hjerneristing.
– Skadane har gjort at vi ikkje har fått sett forsvaret skikkeleg. Vi har mangla litt trykk i forsvaret, men dei har spelt saman før og eg trur vi skal få ein solid mur bak igjen, seier Bakke.
Bak Psyché og Utvik står nysigneringa Per-Magnus Steiring (20) som stopparalternativ.
– Vi har eit ungt lag, men eg har trua. Vi er også på utkikk etter ein ny forsvarsspelar og jobbar med det fram til overgangsvindauget stenger 31. mars, seier Bakke.
- Les også:
Rasande Utvik
Christophe Psyché har spelt ein og ein halv kamp for Sogndal sidan skadeavbrekket. Han merkar at Patronen og Rune Bolseth ikkje er med på laget i år.
– Dei var naturlege leiarar som inspirerte og pusha oss andre til å gjere det betre. Vi andre må verkeleg trå til ekstra i år, seier Psyché.
– Det er mange nye spelarar i år, men når vi får automatikk i korleis vi skal forsvare oss vert det bra, legg han til.
På treninga torsdag var det i alle fall ikkje tvil om at tenningsnivået er i orden før møtet med Brann laurdag. I spel på liten bane med små mål scora laget med gule vestar sigersmålet tre sekund før slutt.
Bjørn Inge Utvik var på det tapande laget og vart rasande. Han sparka i stolpen, ropte ord som ikkje egnar seg på trykk og kasta kjegler veggimellom.
– Alle burde fått den reaksjonen. At han hatar så intenst å tape, trass i at det berre var på trening, er bra og vitnar om ein styrke, seier Psyché.
Kampen mot Brann startar klokka 16.00 laurdag, og vi følger den her.