Normal

Utan mobildekning i Gulen

Mange folk i Gulen er framleis utan mobildekning. Uveret Urd har ført til at totalt 11 basestasjonar i Sogn og Fjordane er ute av drift.

Sju stasjonar er ute i Gulen, i tillegg til stasjonar i Eid, Bremanger, Florø og Høyanger. Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor seier det no er førsteprioritet å løyse problema i Gulen.

– Det er truleg fiberbrot mellom Haveland og Rutledal. Det har ikkje vore mogleg å halde på med feilretting i natt, så vi startar så snart det blir lyst, seier han.

I morgontimane var framlesi 500 kundar straumlause etter stormen måndag. Asgeir Aase i SFE seier til NRK at den største feilen er i ytre Førdefjorden, der det kan gå store delar av dagen før straumen er tilbake.

– Vi treng dagslys før vi kan sjå på skadane her, seier Aase.

På det meste var over 8.000 kundar utan straum, men energiselskapa har arbeidd gjennom natta med å betre feila. Abonnentane som er råka er hovudsakleg i Flora, Eid og Fjaler kommunar.

I 09-tida melder Sunnfjord Energi dei 49 av 66 kundar som tysdag morgon var utan straum, har fått tilbake straumen.

– Det går framover. Ti i Hellevik i Fjaler og sju i Høydalen i Hyllestad er utan straum i forsyningsområdet. Vi held fram til alle er inne att, seier dagleg leiar Fredrik Behrens.

Stormen "Urd" ved Florø
Foto: TRULS KLEIVEN
Vegopning på Bergum i Førde kommune