Hopp til innhold

Melde frå om feil fredag - først tysdag fekk innbyggjarane i Berle att mobildekninga

Dei 100 innbyggjarane i Berle i Bremanger fekk i går att mobildekninga. Då hadde det gått nesten fem dagar sidan dei miste full dekning. Fylkesberedskapssjefen meiner alle utfall som varer meir enn nokre timar er problematiske.

Berle og Anne Kristoffersen

UTAN MOBILSAMBAND: Dei 100 innbyggjarane i Berle var utan stabil mobildekning i fem dagar. Anne Kristoffersen er fortvilt over situasjonen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / Privat / NRK

– Vi har ikkje hatt mobildekning sidan torsdag, og det tykkjer vi er altfor lenge, seier sekretær i Berle grendelag, Anne Kristoffersen. Og dette er ikkje første gongen dei må smørje seg med tolmod.

– Dette er ikkje uvanleg. Det skjer titt og ofte at det dett ut, og då går det lang tid før det bli ordna, seier Kristoffersen.

Midt oppe i det heile var og vegen til bygda stengd nokre timar fredag etter at fleire steinblokker fall ned.

Ille med feil rett før helg

Spesielt ille er det når mobilnettet går ned like før ei helg.

– Då skjer det aldri noko før etter helga, seier Kristoffersen.

Ho ringde kundeservice hjå Telenor tidleg på fredag for å melde frå.

– Då fekk eg lovnad om at det skulle bli ordna i løpet av fredagen. Men det skjedde ingenting, seier Kristoffersen.

Og Berle er ikkje den einaste utkantbygda der innbyggjarane ikkje akkurat tykkjer dei blir prioriterte av Telenor. I slutten av juni måtte innbyggjarane i Ommedal i Hyen vente lenge på å kunne bruke mobiltelefonen.

Fekk att sambandet tysdag

Anne Kristoffersen legg til at det er svært frustrerande å måtte vente.

– Vi får heile tida beskjed om at det er folk på staden, og at det skal bli ordna i dag. Men det stemmer ikkje. Eg har fri sikt til mobilmasta her i Berle, og her har ikkje vore ei sjel.

Måndag fekk ho lovnad om at mobilnettet skulle vere oppe att til klokka 15 same dagen. Men då var telefonen like taus. Først i12-tida tysdag fekk Berle att mobildekninga.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand

FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Minner stadig Telenor om ansvaret


Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand meiner og at fem dagar utan stabilt mobilsamband er for mykje.

– Eg forstår at folk er frustrerte. Eg ville sjølv ha tykt at det var altfor lang tid. Beredskapsmessig er alle utfall som varer meir enn nokre få timar problematiske.

Sjølv har fylkesberedskapssjefen ikkje noko pressmiddel for å få Telenor til å vere kjappare med reparasjonane når mobilstasjonar fell ut.

– Vi har ikkje nokon knappar vi kan trykke på. Men vi minner stadig Telenor om det samfunnsansvaret dei har. Telenor er med i fylkesberedskapsrådet. Vi har fleire gonger teke opp reparasjonsberedskapen, og det er ikkje nokon grunn til å slutte med det.

– Blir ikkje prioriterte

Anne Kristoffersen har framleis fasttelefon, og difor kunne ho ringe kundesenteret til Telenor. Der fekk ho mellom anna beskjed frå ein kundebehandlar at dei prioriterte reparasjonar etter befolkningstettleik.

– Vi føler stadig at vi ikkje blir prioriterte, seier ho.

Per Arild Meling

AVVISER NEDPRIORITERING: Informasjonssjef Per Arild Melding i Telenor.

Foto: Telenor

– Like høg prioritet

Informasjonssjef Per Arild Meling i Telenor seier at utkantbygder har like høg prioritet som meir tettbygde strok, men at det ofte er praktiske grunnar til at det tek lengre tid å få reparert mobilnettet i utkantane.

– Feilmeldingane går ut til entreprenørane våre like fort i utkantane som i byane, men det kan ta lengre tid å få tak i delar, og når det som her skjer feil rett før ei helg spelar det inn.

Meling seier at Berle ikkje var heilt utan dekning heile denne perioden.

– Vi oppdaga at det var ustabilitet på mobilstasjonen i Berle torsdag og fredag, og vi fekk alarmar på at den fall heilt ut laurdag. Så på torsdag og fredag var det nok dekning i periodar.

Han fortel at dei laurdag sende ut melding til entreprenøren som har ansvar for den aktuelle mobilstasjonen, men at det på grunn av helga først var måndag dei rykte ut. Då fann dei ut at det var eit datakort i stasjonen som måtte skiftast.

– Klokka 12 tysdag var stasjonen oppe igjen.

– Avhengige av mobiltelefonane

Men frustrasjonen over det svært ustabile mobilnettet er stor mellom innbyggjarane i Berle.

– Det er ikkje veldig lenge sidan vi gjekk ei veke utan mobildekning. Då skjedde det heller ingenting før vi kontakta NRK, seier Anne Kristoffersen i Berle grendelag.

– Dette held ikkje. Vi er ganske avhengige av mobilane. Det er mange som har sagt opp fasttelefonen sin, og det er vel det Telenor også ønskjer. Men det går ikkje an når det er så ustabilt som dette.

Dei skulle gjerne hatt eit svar frå Telenor på kvifor nettet er så ustabilt, men Kristoffersen føler det er håplaust å nå fram til nokon.

– Ein kjem berre til ein kundehandsamar, og får ikkje snakke med nokon høgare oppe i systemet. Dei som sit på kundeservice veit ikkje kva som er problemet, dei tek berre i mot beskjedar, seier Kristoffersen.

Brannvarsling på mobil

Ho er også oppgitt over manglande informasjon når dekninga uteblir over så lang tid.

– Eg sa til han eg snakka med hin dagen at det måtte då vere mogleg å få gitt informasjon gjennom NRK, men han sa at det ikkje let seg gjere. Derimot kunne han sende meg ein SMS når arbeidet var i gang.... då lurte eg litt på om han forstod problemet. Eg kan då ikkje få ein SMS når eg ikkje har mobildekning, seier Kristoffersen.

Ho er også uroa over tryggleiken til innbyggjarane i Berle. For ein heil del funksjonar er bygde opp rundt at ein får tak i folk per mobiltelefon.

– Det meste går på mobil. Tenk på alle nummer som er lagt inn på dei som skal varslast om brann i brannkorpset, det går på mobil. Vi har ein hjartestartar i bygda, og der har vi lagt inn alle mobilnummera våre. Det er ting som ikkje vil fungere når nettet ligg nede, seier Kristoffersen.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand meiner det er viktig at fasttelefonnettet ikkje blir bygt ned før det finst fullgode erstatningar. Dette vart understreka i eit brev til Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap i februar i år om røynslene etter orkanen Dagmar.

Dette viser at det eksisterande koparbaserte fasttelefonnettet òg er sårbart, på same måte som andre typar ekomtenester er det. Vi trur likevel at så lenge det eksisterer fleire ulike typar nett, som til dels verkar uavhengige av kvarandre, bidreg det til totalt sett å gjere samfunnet meir robust. Vi meiner difor at det eksisterande fasttelefoninettet ikkje kan fasast ut, før det er dokumentert at dette ikkje vil få negative følgjer for samfunnstryggleiken.

Held på fasttelefonen

Anne Kristoffersen i Berle er ein av fleire som framleis held på fasttelefonen, nettopp på grunn av det ustabile mobilnettet.

– Hadde det vore eit stabilt mobilnett, så hadde vi ikkje hatt behov for fasttelefon, men det går ikkje an slik situasjonen er her no.

Informasjonssjef Per Arild Meling i Telenor seier dei er svært klare over kor viktig mobiltelefonen kan vere for tryggleiken i lokalsamfunn som Berle.

– Difor oppgraderer vi mobilnettet i desse dagar, frå 2G til 3G, slik at det blir betre kapasitet, vi plasserer ut batteribankar på basestasjonane slik at ein skal ha lengre oppetid på stasjonane enn det ein hadde tidlegare.

Meling kan likevel ikkje garantere at det ikkje vil oppstå feil på stasjonane.

– Men vi prøver så godt vi kan å oppgradere dei slik at dei ikkje fell ut slik det skjedde i dette tilfellet.