NRK Meny
Normal

Utan dykkarberedskap i delar av fjordfylket

Om det skjer ei drukningsulukke i Sogn eller Sunnfjord er det ingen garanti for at dykkarar kan stille på kort tid.

Stian Helgheim

– BØR FÅ BEREDSKAP: Frivillig redningsdykkar Stian Helgheim synest det er for gale om folk druknar fordi det ikkje er dykkarar nær nok.

Foto: Adalheidur Audardottir Oldeide / NRK

Ein ny rapport viser at det ikkje er offentleg tilsette dykkarar i beredskap tilgjengelig i fylket. Stian Helgheim, som er frivillig redningsdykkar i Røde Kors, er redd for at konsekvensane kan bli store.

– Eg synest det er heilt forferdeleg å lese på nyheitene at folk har døydd i drukningsulukker.

Men i Nordfjord har sju kommunar ein avtale med Frøy Vest Dykkerservice i Måløy, seier Are Fagerlid, som er leiar for beredskap i Eid brannvesen.

– Dei har dykkarar på døgnkontinuerleg vakt, dei har dykkarbil som er godkjent utrykkingskøyretøy. Dei er knytte opp mot naudetatane, så vi har beredskap i Nordfjord, men kanskje ikkje slik DSB reknar det.

Fagerlid seier at når det er ein viss avstand frå Måløy til ulukkesstaden, kan dei rekvirere helikopter til å frakte dykkarane.

– Det er ein beredskap, og vi har brukt den, så vi veit at den fungerer.

Men uansett er det langt frå Måløy til indre Sogn. Og i drukninsulukker er tida viktig, seier Helene Sæterdal, seksjonsleiar i AMK Førde.

– Vi er her primært for å redde liv, og det tek lang tid å hente folk langvegs frå. Dess lengre tid folk ligg under vatn, dess mindre er sjansen for å overleve.

Per Brekke

– MANGE STADER FRÅVERANDE BEREDSKAP: Ass. dir. Per Brekke i DSB.

Foto: dsb.no

På oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet har Direktoratet for samfunnssikkerhet (DSB) sett på korleis det står til med redningsdykkarberedskapen i Norge. No er konklusjonen klar, seier Per Brekke, assisterande direktør i DSB.

– Nokre stader er beredskapen definitivt bra, andre stader er den fråverande.

Redningsdykkarar frå Førde deltek også i søket

VIL HA SLIKE I BEREDSKAP: Redningsdykkarar under eit søk i Vågsøy.

Foto: Bjarne Eldevik

Verst i Sogn og Fjordane og Finnmark


Dei siste ti åra har det døydd i snitt 90 personar i året som følgje av drukning. I høve til folketalet er det flest i Sogn og Fjordane og Finnmark. I rapporten frå DSB går det fram at styrka beredskap kan føre til færre drukningsulukker.

I 2015 omkom sju personar i Sogn og Fjordane i drukningsulukker, i heile landet var talet 102. Til no i år har fire personar mist livet av drukning i Sogn og Fjordane.

Gjermund Hagesæter

– VIL VURDERE TILTAK: Statssekretær Gjermund Hagesæter (Frp).

Foto: Olav Heggø / Olav Heggø / FotoVisjon AS

– I tilfelle der du har folk under vatn og du har redningsdykkarar i umiddelbar nærleik, og som kan rykke ut i tide, er det klart at sjansen for å overleve stig betraktelig, seier Brekke.

Statssekretær Gjermund Hagesæter i Justis- og beredskapsdepartementet seier dei no vil vurdere tiltak.

– Denne rapporten skal vi lese grundig og bruke tid på, så skal vi sjå om det er ting vi kan sette i verk for å legge til rette for å få ein endå betre redningsdykkarberedskap enn vi har i dag.

– På dugnad og idealisme

Bernhard Øberg vil ha profesjonelt redningsdykkarkorps

– FOR DYRT: Brannsjef Bernhard Øberg i Førde seier dykkarberedskap blir for dyrt for Førde åleine.

Foto: Bård Siem / NRK

Førde kommune har tidlegare hatt dykkeberedskap, men kostnadane er for høge, seier brannsjef i Førde, Bernhard Øberg.

– Brannvesenet i Førde har vore positiv til redningsdykkarane, men kostnaden på tre millionar kroner i året for Førde åleine på å drive redningsdykkarane blir for tung å bere.

Men frivillig redningsdykkar Stian Helgheim meiner det ikkje kan vere slik at ein baserer seg på dugnad og idealisme for å ha ein så viktig beredskap.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.