Hopp til innhold

Ut med mjølk - meir ost på Byrkjelo

Tine vil flytte meir produksjon av brunost og kvitost til Byrkjelo. Dette kjem samstundes med at datoen for flytting av konsummjølk frå Byrkjelo til Bergen er fastsett.

Tine Byrkjelo

MEIR OST: Byrkjelo får tilført meir produksjon av brun- og kvitost når meieriet på Voss og ein stad til blir lagde ned.

Foto: Bård Siem / NRK

Ein rapport viser at Tine kan redusere dei årlege kostnadene med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien.

I dette ligg det å flytte brunostproduksjonen både på Elnesvågen og Ørsta til Byrkjelo, i tillegg til å flytte kvitostproduksjonen frå Voss til Jæren og Byrkjelo.

Magnar Berge

– KOM BRA UT: Produksjonssjef Magnar Berge konstaterer at Tine fann ut at det var mest lønsamt å legge meir osteproduksjon til Byrkjelo.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Slutt på konsummjølk 1.1. 2018

I dag vedtok konsernstyret i Tine å flytte konsummjølkproduksjonen frå Byrkjelo til Bergen frå 1. januar 2018. Det betyr bortfall av 20 arbeidsplassar. Innstillinga om å flytte meir produksjon av ost til Byrkjelo vil kompensere for litt av dette tapet, seier produksjonssjef Magnar Berge.

– Det blir færre enn 20, men eg har ikkje noko tal på det. Ein rapport har kome til at det er mest lønsamt å flytte osteproduksjon hit, så vi kom eigentleg bra ut. Det var trasig å misse arbeidsplassar, men no får vi nokon i tillegg.

Laila Frøystad Falch

– MEIR VERKELEG: Tillitsvald Laila Frøystad Falch.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Meste vi kunne håpe på

I dag var det allmannamøte på Byrkjelo. Tillitsvald Laila Frøystad Falck seier det er trist at tapet av arbeidsplassar er større enn det dei får tilført.

– No har vi fått ein dato å halde oss til for flyttinga av konsummjølka, så dermed blir det meir verkeleg.

– Hadde de håpa at de vart tilført fleire arbeidsplassar innan osteproduksjon?

– Eg trur det som kom var ganske bra, noko meir trur eg ikkje vi kunne ha håp om å få.

– Endring i innanlands etterspurnad og bortfall av eksportsubsidiar gjer at vi må tilpasse industrien vår. I dette ligg det også moglegheiter for å oppnå ein forbetra effektivitet og fleksibilitet på kvitost og andre råka produktgrupper, også brunost, seier konserndirektør Per Ivar Berg.

Per Ivar Berg, Tine på Solamøtet

ENDRINGAR: Tine føreslår å rasjonalisere drifta ved å leggje ned to meieri.

Foto: Anders Fehn / NRK

Rapporten peikar på ein langsiktig produksjonsstruktur, og det vil ta tre til fem år før endringane blir gjennomførte.

Gjennomføring i 2020/2021

Alle endringane vil ikkje vere gjennomførte før 2020/2021, etter at Jarlsbergproduksjonen for eksport er avvikla. Som kjent har Stortinget vedteke å fase ut eksportstøtta, som mellom anna gjeld Jarlsberg, innan 2020.

Tine Byrkjelo

GÅR TAPT: Frå avdelinga som skal flyttast frå Byrkjelo til Bergen 1. januar 2018.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Etter ei intern høyring og drøfting går saka til endeleg avgjerd i konsernstyret, mest truleg før sommaren. Dersom framlegget om å legge ned to meieri blir vedteke, blir det behov for kring 70 årsverk mindre enn i dag.

I tillegg til Voss er det føreslått å legge ned meieriet anten i Hardanger eller Ørsta.

– Eg har stor forståing for at mange av våre medarbeidarar no vil føle uvisse om framtidig jobb, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik og dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier Berg.

Tine Byrkjelo

MISSER LITT, VINN LITT: 20 arbeidsplassar ved Tine Byrkjelo forsvinn til Bergen 1. januar 2018, men to-tre år etterpå kjem det nye i osteproduksjonen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK