NRK Meny
Normal

Ut av vinterdvalen - no med god nettdekning

Så er sesongen i gang i Briksdalen. Og dei første turistane av året kan gle seg over at dei kan legge bilete av naturperla på Facebook.

Oddrun Grodås

GLER SEG: Viktig at turistane har nettdekning, seier Oddrun Grodås på Briksdalsbreen Fjellstove.

Foto: Silje Guddal / NRK

For det har vore eit sakn for mange tidlegare år, seier Oddrun Grodås, som driv Briksdalsbreen Fjellstove.

– Det er veldig kjekt å kunne tilby god dekning til turistane. Mykje skjer på sosiale medium i dag, og det er god reklame for oss.

For sidan ho stengde fjellstova sist haust har Briksdalen fått 4G-dekning.

For Oddrun betyr det at ho slepp å streve med ein betalingsterminal som virkar i rykk og napp. Og for turistane er det stort å kunne dele eit bilete av seg og Briksdalsbreen med venene sine på Facebook.

– Reklameeffekten av dette er viktigare enn vi har vore klare over. Vi har vår nettside, vi er framleis ikkje på Facebook, men vi jobbar med saka, så det skal kome på plass i løpet av kort tid. Positive tilbakemeldingar frå turistane er gull verd.

Cruiseturistar i Olden

PÅ VEG TIL BREEN: Turistar frå «Britannia» tok turen i buss til Briksdalsbreen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Sesongen blir kjempebra

I suvenirbutikken går nokre britiske turistar rundt og ser på varene. Og Oddrun Grodås synest det er fint å gå i gang med ein ny sesong.

– Det er veldig kjekt å vere i gang att. Sesongen 2015 kjem til å bli kjempebra.

Ho fortel at ho kjapt ser kva nasjonalitet turistane som kjem inn i butikken har.

– Vi kjenner dei på faktene og ganglaget, vi treng ikkje alltid høyre kva dei seier før vi veit kvar dei kjem frå.

– Desse britane som er her i dag, kva trur du dei kjøper?

– Det første dei kjøper er litt Olden-vatn. Så vil dei ha prospektkort og frimerke, nokon vågar seg frampå med magnetar og koppar og fat. Her er litt for einkvar smak. Og i år får turistane mykje for euroen og pundet.

Tina og Steve Ormerod

NØGDE TURISTAR: Tina og Steve Ormerod frå England,

Foto: Silje Guddal / NRK

Briksdalen innfridde

Mellom straumen av turistar frå «Britannia» er Tina og Steve Ormerod frå England. Dei har hatt norgesferie på lista over reisemål i ti år, og dei fortel at Briksdalen innfridde forventningane deira.

– Det er fantastisk, absolutt, heilt utruleg.

Dei fortel at onsdag skal dei ta Flåmsbana til Myrdal og sykle nedatt.

– Eg håpar bremsene virkar, seier Tina.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser