NRK Meny
Normal

Styrkar ambulanseberedskapen i Sogn etter straumtrøbbel ved sjukehus

Ustabil straumforsyning har ført til at sjukehuset i Lærdal har stengt medisinsk avdeling og stoppa inntak av nye pasientar, også akutt. Ambulanseberedskapen i området er skjerpa.

Lærdal sjukehus

PROBLEM MED STRAUMEN: Arbeidet med ei hovudstraumstavle har gjort straumforsyninga ved Lærdal sjukehus ustabil.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Arbeidet med å skifte hovudstraumstavla ved Lærdal sjukehus har skapt utfordringar for straumtilførselen til sjukehuset. Mellom anna står begge heisane ved sjukehuset.

Det er innført full inntaksstopp i Lærdal, og gjennom natta har pasientar som skulle til sjukehuset blitt omdirigerte til Førde sentralsjukehus, to timar unna.

– Beredskapen med bilambulanse blir auka, slik at det blir ståande to døgnbilar i Lærdal. I tillegg til ambulansehelikopteret i Førde, er også luftambulansestasjonen på Ål og Hovudredningssentralen (HRS) orienterte om situasjonen. HRS styrer redningshelikopteret i Florø, opplyser beredeskapssjef Terje Olav Øen i Helse Førde.

Ikkje alvorlege hendingar

– Eventuelt nye akuttpasientar vil bli sendt rett til Førde, seier Øen til NRK.

Poliklinikken ved sjukehuset vil halde ope, så lenge straumen er stabil nok.

– Den ustabile straumforsyninga har ikkje ført til alvorlege hendingar. Vi har sett i verk nødvendige tiltak for å sikre god beredskap, understrekar Øen.

Sjukehuset er i beredskap

Det er for tida åtte pasientar inneliggande på medisinsk seksjon. I tillegg er det to pasientar i den kommunale akutte døgneininga. Ein pasient har overnatta på legevaktstasjonen.

– For å vere på den sikre sida har vi i dag avgjort å flytte inneliggande pasientar frå Lærdal til Førde. AMK og ambulansetenesta planlegg overføringa av pasientane, seier Terje Olav Øen.

Det var varsla at innkoplinga av aggregata ville gje bortfall av straum i kortare periodar, men det var ikkje venta at vanskane skulle bli så store. Legevaktene i området har vore informerte om arbeidet.

Lærdal sjukehus har vore i grøn beredskap sidan arbeidet tok til måndag kveld. Det er etablert lokal beredskapsleiing som har følgjer situasjonen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune