Uslåeleg i Hornindalsvatnet maraton

Helge Hafsås frå Olden i Stryn var uslåeleg i Hornindalsvatnet maraton laurdag.

Helge Hafsås

Arkivfoto: Maratonløpar Helge Hafsås.

Han sprang den 42 km lange distansen på 2:38:18.

Andreplassen i klassen for menn, Audun Skogen frå Hakallestranda, kom i mål 15 minutt seinare, på tida 2:54:54.

Internasjonalt innslag

Vinnaren i dameklassen, Dawn Kerr, kjem opprinneleg frå Skottland. Ho lurte på kva maraton ho skulle springe for å feire 50-årsdagen sin, og hadde valet mellom Swiss Alpine marathon og Hornindalsvatnet maraton.

Ho angrar nok ikkje på valet ho gjorde.

Kerr kom i mål etter 3 timar og 50 minutt, 5 minutt framfor Oddny Ringheim som tok andreplassen.

39 menn og 7 kvinner fullførte maratondistansen.

Sjå resultatliste på kondis.no