Hopp til innhold

Amerikanske forskarar: Usikre på om det er mogleg å fjerne den frykta skrantesjuka

FORT COLLINS / COLORADO (NRK): Medan Norge tok livet av ein heil villreinstamme, er amerikanske forskarar usikre på om masseslaktinga kjem til å hjelpe i kampen mot den frykta og dødelege dyresjukdomen skrantesjuke.

Her vart skrantesjuka oppdaga i USA

DER ALT STARTA: I Fort Collins, Colorado, vart skrantesjuke (CWD) først påvist i 1967. I dag har sjukdommen spreidd seg til 25 delstatar i USA. Matthew Dunfee er ein av forskarane som brukar mykje tid på denne sjukdomen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Midt i det vakre landskapet i Colorado, med ville dyr, skogar, åsar og sletter starta marerittet for 50 år sidan.

Då blei det første gongen oppdaga dødeleg skrantesjuke på ein hjort. I dag finst sjukdomen i 25 statar og den er nær umogleg å stoppe.

– Jo fleire dyr som testar positivt, jo meir sannsynleg er det at det er forureining i miljøet som fører til eit varig problem, seier Todd Cornish, patolog og professor ved University of Wyoming.

Todd Cornish

USIKKER: Professor Todd Cornish ved University of Wyoming er usikker på om det er mogleg å fjerne smitta frå Nordfjella.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Lang erfaring fortel han at sjukdomen ikkje berre smittar gjennom direkte kontakt mellom dyra, men også via bakken.

– Mi kjensle er at dersom det finst ti smitta dyr i eit mindre geografisk, avgrensa område så må du bekymre deg for at miljøet er forureina. Og at det vil føre til nye sjukdomstilfelle i framtida, sjølv om du brakklegg området.

Dei amerikanske forskarane har forståing for at Norge valde å utrydde villreinstammen i Nordfjella.

Statleg jaktlag i sving på Hemsedalsfjellet.

FJERNAR VILLREIN: Denne hausten og vinteren har rundt 2000 villrein i Nordfjella blitt utrydda for å få bukt med skrantesjuke – ein dødeleg, smittsam dyresjukdom.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Forsiktig optimist

I Norge blei sjukdomen oppdaga tilfeldig i 2016. I haust og vinter har det blitt skote nær 2000 villrein i den aktuelle sona i Nordfjella. Ei jakt som haustar lovord frå nokon og skarp kritikk frå andre.

Ved Colorado State University jobbar forskar David R. Edmunds. I 2013 tok han doktorgrad i forsking på skrantesjuke.

– Dersom Noreg har oppdaga sjukdommen på eit tidleg stadium, så trur eg det er mogleg å stoppe sjukdommen. Dersom sjukdommen har vore der i ti år, og Noreg ikkje var klar over dette, då kan ein drepe 1700 dyr og setje inn ein ny stamme – og så blir den nye stammen smitta igjen, seier han til NRK.

David Edmunds

AVGJERANDE: Forskar David R. Edmunds ved Colorado State University seier timing er avgjerande for om Noreg vil lukkast i å fjerne skrantesjuka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fryktar at smitten blir liggjande

Planen til Mattilsynet er å byggje opp att villreinstammen i Nordfjella om fem år, men dei amerikanske forskarane trur at smitten kan liggje i jorda mykje lenger enn det.

– Forsking som er gjort på området kan tyde på at smitten kan leve opp til 16 år, utan å bli brote ned. Truleg lenger, seier David R. Edmunds.

I Norge lyttar dei til erfaringane frå dei amerikanske ekspertane, men håpar at ein ny og frisk villreinstamme kan kome på plass i Nordfjella.

– Vi baserer oss på dei råda vi får frå forskarane. Og vi har stilt dei same kritiske spørsmåla for å føle at vi har eit ansvarleg grunnlag, seier Karen Johanne Baalsrud, direktør for plantar og dyr i Mattilsynet.